Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Rederiforening

Ringnotbåten Sjøglans, eigd av Heggøy AS i Askvoll. Foto: Sølve Slagnes.

Ringnotbåten Sjøglans, eigd av Heggøy AS i Askvoll. Foto: Sølve Slagnes.

Fiskebåtredernes Forbund vart skipa i 1946 som eit særforbund under Norges Fiskarlag.

Fiskebåtredernes Forbund rekrutterer medlemmene først og fremst mellom eigarar av større fiskebåtar i havfiskeflåten. Sogn og Fjordane Rederiforening vart skipa i 1954 som eit fylkeslag innan Fiskebåtredernes Forbund. Medlemstalet i fylkeslaget har lege mellom 20 og 30 fiskebåtreiarar.

Kåre Furnes - mangeårig leiar i Sogn og Fjordane Rederiforening. Foto: NRK.

Kåre Furnes - mangeårig leiar i Sogn og Fjordane Rederiforening. Foto: NRK.

Trygdelag for fiskeflåten

Med motorisering og større båtar vart det trong for forsikringslag der ein kunne assurere båt og bruk. Det første lokale sjøassuranselaget som ein kjenner til i Sogn og Fjordane kom i gang i Solund kommune ein gong kring 1900.

Nordfjord Gjensidige Sjøassuranseforening vart skipa i 1910. Dette laget tok sikte på å syte for sjøassuranse for fiskebåtar frå heile Sogn og Fjordane. I 1928 vart dette laget avløyst av Sogn og Fjordane Sjøtrygdelag med kontorstad i Måløy. Disponent var Bernt Borgundvåg. Seinare endra laget namn til Havtrygd, og utvida etter kvart forretningsdistriktet sitt til heile den sørnorske kysten.

Havtrygd flytta hovudkontoret frå Måløy til Bergen i 1965. Havtrygd har i dag avdelingskontor i Måløy og Flekkefjord. I 2006 forsikra Havtrygd kring 875 fiskefarty.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015