Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Reiselivsråd

Tyske turistar ved Oldevatnet i Stryn kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tyske turistar ved Oldevatnet i Stryn kommune. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1986 gjekk reiselivsnæringa i Sogn og Fjordane saman og skipa Sogn og Fjordane Reiselivsråd. Tanken var å få til ei felles marknadsføring av for heile Sogn og Fjordane. Fram til då hadde det felles marknadsarbeidet for turistnæringa på Vestlandet vorte organisert gjenom TTK – Turisttrafikkomitéen for Vest-Norge. Kåre Våtevik vart tilsett som første leiar for Sogn og Fjordane Reiselivsråd. Sidan har også hotelleigar Lorentz Hjelle frå Oppstryn og Karin Helen Halle vore leiarar for kontoret medan det låg i Sogndal. No er sekretariatfunksjonane knytte til Reisemål Stryn og Nordfjord sitt kontor i Stryn.

Sogn og Fjordane Reiselivsråd skipa sitt eige marknadsføringsselskap som heitte FjordTra der Olav A. Faleide vart tilsett som marknadssjef. I tillegg freista ein å få tilsett ein reiselivskonsulent i kvar kommune i fylket, men mange kommunar var lite villige til å gje dei nok midlar å rutte med.

Etter ei tid vart arbeidet i Sogn og Fjordane Reiselivsråd prega av distriktsmotsetningar og usemje om strategival. Dei første som braut ut av FjordTra-samarbeidet var reiselivsnæringa i Stryn som fekk skipa sitt eige salskontor i Stryn. Sidan har det vorte bygt opp regionale reiselivsorganisasjonar både for Nordfjord, indre Sunnfjord og indre Sogn, samt eit par på kysten:

Reisemål Stryn og Nordfjord

har kontor i Stryn. Det dekkjer alle Nordfjord- kommunane – også kystkommunane Selje og Vågsøy.

Utsyn over Florelandet og skjergarden frå Hatlesetnipa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utsyn over Florelandet og skjergarden frå Hatlesetnipa. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Vestkysten Reiseliv AS

i Florø dekkjer Flora og Bremanger. Tidlegare var også Naustdal kommune med.

Reisemål Sunnfjord

dekkjer indre Sunnfjord-kommunane Jølster, Førde, Naustdal og Gaular samt Høyanger, og har kontor i Førde.

Jensbua

i Flekke i Fjaler driv felles marknadsføring for kystkommunane som er med i HAFS-samarbeidet i sørvest: Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Solund og Gulen.

I Sogn

har reiselivsnæringa vore mykje meir splitta i organisasjonar og marknadsføring:

Sognefjorden Reiseliv BA

har vore felles marknadsføringsorgan for Leikanger, Balestrand og Vik.

Slik kan ein m.a. feriere i Luster, med eit nokså avkjølande bad i ein brekulp ved Spørteggbreen. Foto: Norman Kjærvik.

Slik kan ein m.a. feriere i Luster, med eit nokså avkjølande bad i ein brekulp ved Spørteggbreen. Foto: Norman Kjærvik.

Luster og Sogndal Reiselivslag

er no felles marknadsføringsorgan for kommunane Luster og Sogndal etter at dei lenge har arbeidd kvar for seg; Luster Reiselivslag for Luster og Sognefjorden AS – Reiseliv og Arrangement for Sogndal. Men då dette siste selskapet gjekk konkurs, slo sogndølene seg saman med Luster.

Årdal Arrangement

dekker Årdal kommune.

Aurland og Lærdal Reiselivslag

er felles reiselivsorgan for Lærdal og Aurland.

Cruiseskip ved kai i Flåm. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Cruiseskip ved kai i Flåm. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 30.09.2011