Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Røde Kors

Røde Kors i påskeberedskap på Langeland i Gaular. Foto: Alf Vidar Snæland.

Røde Kors i påskeberedskap på Langeland i Gaular. Foto: Alf Vidar Snæland.

Første Røde Kors-laget i fylket vart skipa i Olden i 1920. Fylkeslag vart det først i 1946. Bakgrunnen for Røde Kors: Etter eit blodig slag ved Solferino i 1859 fekk sveitsaren Henry Dunant (1828–1910) ideen til skipinga av Røde Kors i 1864. Dunant fekk den første Nobels fredspris som vart utdelt i 1901 for arbeidet sitt.

Norges Røde Kors vart skipa i 1865 etter opptak frå statsminister Fredrik Stang.

Første Røde Kors-laget i Olden

I 1920 vart det første Røde Kors-laget i Sogn og Fjordane skipa i Olden etter opptak av hotellvert Inger Yri på Yris Hotell. I det første styret sat Inger Yri, Ingebrigt Beinnes, Rasmus Yri (sjå Kjende personar i Stryn fødde år 1875-1900) og Rasmus Høgalmen.

Fram til 1922 var dei einskilde lokallaga direkte lagde under landslaget, men dette året vart landet delt i fem regionar, der Vestlands-regionen omfatta Bergen, Hordaland, Sogn og Fjordane og Sunnmøre. I tida frå 1923 til 1929 vart det skipa lokallag på Nordfjordeid og i Askvoll, Førde og Balestrand. Dessutan dekte Sunnfjord Felleskrins kommunane Kinn, Florø, Bru og Eikefjord – det landskapet som no utgjer Flora kommune.

Dei ulike krinsane dreiv Florø sjukehus fram til fylket tok over, dessutan Førde Helseheim i Grovene, Balestrand sjukestove og Vestre Suløy «sjukehus».

Sogn og Fjordane Røde Kors vert skipa

Den 17. oktober 1946 vart regionane omskipa og delte opp slik at dei fylgde fylkesgrensene, og Sogn og Fjordane vart dermed eiga fylkesavdeling innan Røde Kors. Ingvald Offerdal frå Øvre Årdal vart formann i det første styret i Sogn og Fjordane Røde Kors, der dei øvrige styremedlemene var Anna Bydal, Førde, Magne Eide, Måløy, Aage Johansen, Sandane, og Johannes Solem, Høyanger. Kåre Bertelsen vart tilsett som første deltids distriktssekretær.

I 2010 held den offentlege legetenesta i Førde til i Røde Kors-bygget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 2010 held den offentlege legetenesta i Førde til i Røde Kors-bygget. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1947 hadde fylkeslaget 892 livsvarige medlemmer og 2569 årsbetalande. Ingvard Hornnes (sjå Kjende personar i Førde fødde år 1920-1940) vart den første heiltidstilsette distriktssekretæren då han tok til i stillinga i 1977. Hornnes var distriktssekretær til 1994.

Røde Kors i Sogn og Fjordane driv elles hjelpekorps, besøksteneste for eldre og sjuke, og fleire aktive lag i Ungdommens Røde Kors kring om i kommunane.

Drift av sjukehus og pleieheimar

Ei viktig oppgåve for Røde Kors-laga i Sogn og Fjordane dei første ti-åra var bygging og drift av lokale sjukestover og ambulansebilar. Dessutan bygde organisasjonen opp eit lokalt hjelpeapparat for psykisk utviklingshemma fram til Røde Kors-institusjonen Granlia heim og skule vart opna i Balestrand i 1972.

Hauglandsenteret

I 1980 arva Sogn og Fjordane Røde Kors eigedomen Haugland i Flekke i Fjaler kommune etter advokat Christian F. Bekker. I 1985 vart Haugland ferie-, fritids- og aktivitetssenter teke i bruk, og i 1992 vart Haugland Helsesportsenter – i dagleg tale kalla Hauglandssenteret - opna av kong Harald V.

Hauglandssenteret og United World College ved Flekkefjorden i Fjaler. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hauglandssenteret og United World College ved Flekkefjorden i Fjaler. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 14.10.2011