Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Skikrins

Odd-Bjørn Hjelmeset er den fremste skiutøvaren frå Sogn og Fjordane. Foto: Håkon Mosvold Larsen , Scanpix

Odd-Bjørn Hjelmeset er den fremste skiutøvaren frå Sogn og Fjordane. Foto: Håkon Mosvold Larsen , Scanpix

Sogn og Fjordane Skikrins vart skipa i 1923, men vart i 1936 delt i to - Sogn Skikrins og Fjordane Skikrins. Først i 1986 vart det igjen ein fylkesdekkande skikrins.

Den første organiseringa av norsk skiidrett kom i 1861 då Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug – til vanleg kalla Centralforeningen – vart skipa. Dette var ein fellesorganisasjon for all organisert idrett og skyttarlag – mellom anna lokale skiklubbar. I 1895 hadde Centralforeningen innmeldt 88 slike klubbar, og i 1905 var talet auka til 182.

I nasjonalreisingstida kring 1900 spela også lokale ungdomslag ein aktiv rolle i idretten: Dei skipa til ulike tevlingar både sommar og vinter, og fleire ungdomslag melde seg inn i Centralforeningen. I 1918 hadde Centralforeningen såleis 153 ungdomslag på Vestlandet og i Agder som medlemmer.

Oberst Angell frå Luster

Oberst Angell frå Luster

Ein av dei fremste agitatorane for utbreiing av skiidrett og annan idrett var kaptein Henrik Angell, som var fødd og oppvaksen i Luster. Forsvarssak, målsak og idrett var for han og andre likesinna synonyme omgrep i denne nasjonalsinna tida.

Skiidretten fekk eige særforbund i 1908, då Foreningen til Skidrettens fremme gjorte opptaket til skiping av Norges Skiforbund.

Nordfjord-dominans og krinsdeling

Sogn og Fjordane Skikrins vart skipa i 1923. P. W. Skåden frå Stryn var formann dei første fire åra. Av dei 12 innmelde skilaga i 1923 kom 10 frå Nordfjord. Berre Aalhus Idrettslag frå Jølster og Kreken Skilag frå Jostedal «representerte» resten av fylket i den nye skikrinsen. I 1935 hadde talet på innmelde lag auka til 40, med til saman 654 medlemer.

Men lange avstandar og tungvinte reiser var hovudgrunnen til at at skikrinsen vart delt i 1936. Også økonomiske støtteordningar frå Norges Skiforbund sentralt spela inn, og ein skal heller ikkje sjå bort frå at den sterke dominansen frå Nordfjord gjorde sitt.

Jølster skisenter i Bjørkelia ved Vassenden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Jølster skisenter i Bjørkelia ved Vassenden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

50 år med to skikrinsar

Fjordane Skikrins og Sogn Skikrins eksisterte fram til 1986, då fylket på nytt vart samla i ein skikrins etter press frå Norges Skiforbund sentralt. Ivar Sægrov frå Jølster var første formann i den nyskipa fylkeskrinsen. Heilt frå tidleg 1970-tal vart det med jamne mellomrom freista å samle skiidretten i fylket til ein skikrins att utan at det lukkast. Eit viktig argument som vart brukt for to krinsar var at idrettsungdomen hadde vel så stor interesse for å tevle mot nærliggjande distrikt i nabofylka som mot sine «eigne» i Sogn og Fjordane.

Eit avgjerande argument for ny samling vart trongen også for eit fast sekretariat og økonomisk støtte til dette frå Skiforbundet. I 1987 fekk skikrinsen fast krinssekretær i full stilling, den tidlegare alpinisten Even Hole.

Anders Fannemel frå Hornindal tok i 2010 steget opp blant dei beste hopparane i Noreg. Foto: Einar Løken.

Anders Fannemel frå Hornindal tok i 2010 steget opp blant dei beste hopparane i Noreg. Foto: Einar Løken.

Mange skifabrikkar i fylket

Åsnes Skifabrikk på Straumes i Fjaler kommune var fram til 2008 den eine av to attverande norske skifabrikkar. Men i mellomkrigstida og i åra like etter 2. verdskrig var det ei mengd små skifabrikkar kringom i Fjordane: Bjørlo Trevarefabrikk i Eid, i dag kjend som ein av Noregs største vindaugeprodusentar, starta verksemda si som ski- og kjelkefabrikant i 1918. I same kommune starta også Samuel Nesbakk med skifabrikk før han bygde opp sitt eige røyrleggjarfirma; S.H. Nesbakk. I Hornindal dreiv Lars S. Kirkhorn skifabrikk med fleire tilsette frå ca. 1915 og i nokre år etter krigen. I Markane i Stryn starta Lars Hatledal skiproduksjon i mellomkrigstida og dreiv til ut på 1970-talet. I Utvik hadde Ragnvald Bergset ein liten skifabrikk. På Kleivedammen på Sandane vart Sandane Skiverksted drive av Gudmund Søreide, og jamvel i kystbygda Berle på Bremangerlandet vart det framstilt ski i Steinset ski- og møbelverksted. Forutan Åsnes Skifabrikk, var det også skifabrikk i Bygstad. Der dreiv og Brødrene Kvamme ski- og møbelforretning skiproduksjon frå 1936 og i nokre år etter krigen. - Les meir om desse fabrikkane i eigne artiklar under kvar kommune.

¨Frå det flotte skianlegget på Ullsheim i Stryn. Foto: Hildegunn Hatledal.

¨Frå det flotte skianlegget på Ullsheim i Stryn. Foto: Hildegunn Hatledal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 17.10.2011