Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Skiskyttarkrins

Tarjei Bø (t.h.) med det gule startnummeret som markerer at han er leiar av verdscupen. I sesongen 2010/2011 sikra han sigeren samanlagt, med lagkameraten Emil Hegle Svendsen hakk i hæl Same sesongen vann ungguten frå Stryn og tre gullmedaljar i VM. Foto: Heiko Junge, Scanpix.

Tarjei Bø (t.h.) med det gule startnummeret som markerer at han er leiar av verdscupen. I sesongen 2010/2011 sikra han sigeren samanlagt, med lagkameraten Emil Hegle Svendsen hakk i hæl Same sesongen vann ungguten frå Stryn og tre gullmedaljar i VM. Foto: Heiko Junge, Scanpix.

Sogn og Fjordane Skiskyttarkrins vart skipa i 1985 med Per Kjell Åland frå Hopland som første leiar. Dei historiske røtene til dagens skiskyting – eller biathlon – går tilbake til militære skisoldatar på 1700-talet. Moderne skiskyting utvikla seg difor først som ei militær idrettsgrein med patruljeløp. Eldre skiskyttarar i Sogn og Fjordane kan også hugse at skytinga vart kombinert med storslalåm!

Grovkalibra våpen

Skiskytinga var organisert gjennom Det frivillige Skyttarvesen frå 1961, og heilt fram til vinteren 1978 vart det nytta grovkalibra våpen og større skyteavstand enn no. Norges Skiskytterforbund vart skipa i 1983 og teke opp som særforbund under Norges Idrettsforbund året etter. I 2005 hadde skiskyttarforbundet kring 9000 medlemer fordelt på 126 klubbar og grupper.

Skiskyting i 17 lag

I 2006 er det skikyttargrupper i 17 idrettslag kringom i fylket i fylgjande idrettslag: Eikefjord, Førde, Gloppen, Hardbagg (Nordsida i Stryn), Heggjabygda, Hornindal, Jotun (Øvre Årdal), Lavik, Markane, Norane, Olden, Sogndal, Stårheim, Syril (Leikanger), Vetlefjorden, Vik og Årdalstangen.

Ann Kristin Flatland. Foto: Heiko Junge, Scanpix.

Ann Kristin Flatland. Foto: Heiko Junge, Scanpix.

Sterke prestasjonar nasjonalt

Fram til 2006 er det særleg Arna Kolltveit og Ann Kristin Flatland frå Vik, Evelyn Lauvstad Hanevold, Ronny Hafsås, Espen og Stine Øvreberg (sjå Kjende personar i Eid) frå Stårheim, Tarjei Bø frå Stryn og Eline Fannemel (sjå Kjende personar i Hornindal) frå Hornindal som har oppnådd dei fremste resultata på nasjonalt og internasjonalt nivå. Tarjei Bø vart som 20-åring olympisk meister i stafett i 2010. I 2009 vart han norsk seniormeister for første gong, og i 2011 tok han tre gull i VM og vann verdscupen samanlagt.

Skifeltskyting

som vert organisert under Det frivillige skyttervesen (DFS), er framleis ei sterk idrettsgrein i Sogn og Fjordane. Her har både Jarle Tvinnereim og Roger Lillestøl frå Hornindal og Herman Erdal frå Førde nådd topplasseringar både i nasjonale og internasjonale tevlingar.

To senior-NM i Nordfjord

I 2002 skipa Stårheim og Heggjabygda til senior-NM i skiskyting på Stigedalen i Eid kommune, og i 2008 stod skiskyttarlaga i Hornindal og Stryn som arrangør av senior-NM i Markane.

Frå NM i skiskyting i Stigedalen i 2002. Foto: NRK.

Frå NM i skiskyting i Stigedalen i 2002. Foto: NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.10.2011