Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Skyttarkrins

Vegard Solhaug frå Aurland er mellom dei mange gode skyttarane i Sogn og Fjordane. Foto: Sondre Dalaker, NRK.

Vegard Solhaug frå Aurland er mellom dei mange gode skyttarane i Sogn og Fjordane. Foto: Sondre Dalaker, NRK.

Baneskyting er ein av dei eldste lagsaktivitetane i Noreg. I Sogn og Fjordane finn vi to av dei eldste skyttarlaga i landet – på Nordfjordeid og i Florø.

I 1769 vart det første skyttarlaget skipa i Bergen – Det Bergenske Skydeselskab – som fekk eiga skytebane i 1788, og var i drift til 1824. Tidleg på 1800-talet vart det skipa fleire «skyteselskap» i norske byar, først og fremst for dei kondisjonerte i overklassen.

Skyttarsaka veks fram

Skyttarsaka veks fram

Den veksande nasjonalkjensla i Noreg gjorde at «skyttarsaka» vart eit omgrep i det norske organisasjonslivet midt på 1880-talet: Kringom på bygdene – også i Sogn og Fjordane – vart det skipa masjonalistiske «norskdomslag» der ein viktig medlemsaktivitet var skyteøvingar. Eitt av desse var Norskelaget i Holmedal, skipa i 1874, og som i tillegg til målsak og vanleg ungdomslagsarbeid også hadde sitt eige skyttarlag.

Folkevæpningslag

I 1861 vart «Centralforeningen for udbredelse af Legemsøvelser og Vaabenbrug» skipa i Noreg. Same året vart Eidsbygda Skyttarlag skipa, og i 1862 Florø Skytterlag. Dei er såleis mellom dei eldste skyttarlaga i Noreg. Det var offiserar knytt til eksersisplassen på Nordfjordeid som gjekk i brodden for skiping av det lokale skyttarlaget.

Folkevæpningslag

På 1880-talet vart mange skyttarlag knytt opp til den politiske venstrerørsla i «Folkevæbningssamlagenes Fællesstyre», skipa i 1881. Det første lokale folkevæpningslaget vart skipa i Trøndelag av Venstre-mannen Ola Five. Firda og Sygnafylkets folkevæbningssamlag vart skipa i 1882. Alt dette året talde «Folkevæpningen» 293 lag med 9200 medlemmer over heile landet. Desse laga braut med «Centralforeningen», og «Folkevæpningssamlaget» overtok etter kvart kontrollen over heile skyttarrørsla.

Striden mellom skyttarane og den øvrige idretten førde til at Stortinget blanda seg inn 1893: Det stilte som vilkår for statsstøtte at dei ulike lokale skyttarsamlaga samla seg, og resultatet vart organisasjonen Det frivillige Skyttervesen, medan resten av idretten stod organisert i Centralforening en, som seinare vart Norges Idrettsforbund. Denne nyordninga gjorde at Firda og Sygna-fylkets Folkevæbningssamlag endra namn til Fjordene og Sogns skyttersamlag.

På standplassen under Landsskyttarstemna i Førde i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

På standplassen under Landsskyttarstemna i Førde i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tre samlag

Over halvparten av skyttarlaga i Sogn og Fjordane vart skipa før 1900. På det meste har det vore 59 lag i Nordfjord, 48 i Sunnfjord og 81 i Sogn. Sogn og Fjordane vart i 1906 delt i tre lokale skyttarsamlag: Nordfjord Skyttarsamlag (skipa 1906), Sunnfjord Skyttarsamlag og Sogn Skyttarsamlag. I 1914 vart så Sogn delt i Ytre Sogn Skyttarsamlag og Indre Sogn Skyttarsamlag.

Skyttarkongar frå Sogn og Fjordane

På dei årlege landsskyttarstemna er den gjevaste tittelen å verte Skyttarkonge. Sogn og Fjordane har hatt desse Skyttarkongane gjennom tidene: Mathias Glomnes frå Stryn, busett i Oslo, der han skaut for Kristiania N, vart skyttarkonge i 1906 og 1907.

Lars L. Ese d.y. på skive 1 på eitt av landsskyttarstemna han vann.

Lars L. Ese d.y. på skive 1 på eitt av landsskyttarstemna han vann.

Lars L. Ese d.y. er den einaste i landet som hittil har vunne fire kongetitlar: Han vart skyttarkonge i 1947 (270 poeng - Ulven-Os), 1951 (275 poeng - Bardufoss), 1954 (278 poeng - Vatne) og 1955 (285 poeng - Kongsvinger), og var elles småkonge i 1951 og har to Stang-medaljar. Stanley Kvamme (sjå denne under Kjende personar i Førde fødde år 1920-1940) frå Førde, busett i Bergen, skaut for Bergen Nordre då han vart skyttarkonge i 1953 (273 poeng - Steinkjer) og 1957 (327 poeng - Bergen). Egil Melvær frå Florø vart skyttarkonge i 1974 (340 poeng – Vatne) og småkonge i 1973.

Bjørn Solberg, ei tid busett i Årdal, tredobbelt Skyttarkonge 1978 (339 poeng - Trondheim), 1983 (340 peong – Fræna) og 1984 (342 poeng – Sandnes). Han vann kongetittelen i 1978 medan han var busett i Årdal og var medlem av Farnes Skyttarlag i Øvre Årdal.

Lars Hallvard Ese (sjå under Kjende personar i Balestrand), son til Lars L. Ese d.y., skyttarkonge i 1980 (340 poeng – Oslo), skyttarprins 1977, og småkonge i 1976 og 1983.

Landsskyttarstemne i Førde

Førde Skyttarlag har stått som arrangør av Landsskyttarstemna tre gonger, i 1988, 1995 og 2008. Stemna har vore avvikla på skyteanlegget i Kråkenesmarka.

Publikum kosar seg i godveret under Landsskyttarstemna i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Publikum kosar seg i godveret under Landsskyttarstemna i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.10.2011