Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Symjekrins

Sander smørdal frå Eid har vore mellom dei beste norske symjarane. Foto: Scanpix.

Sander smørdal frå Eid har vore mellom dei beste norske symjarane. Foto: Scanpix.

Sogn og Fjordane Symjekrins vart skipa i 1969. Dei første bygdene som kom i gang med organisert konkurransesymjing var Svelgen, Florø, Høyanger og Årdal. Dei fremste symjarane frå Sogn og Fjordane har vore Annemor Holsæter (sjå Annemor Haaheim) frå Årdal/Høyanger og Sander Smørdal frå Eid. Begge har noregsmeistertitlar og har vore på pallen fleire gonger under nasjonale meisterskap.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015