Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Turlag

Medlemer i Indre Sunnfjord Turlag har vore på toppen av Blegja (1304 m.o.h.) og er på veg austover. Vi ser m.a. Storehesten (1209 m.o.h.) til høgre. Foto: Atle Holsen.

Medlemer i Indre Sunnfjord Turlag har vore på toppen av Blegja (1304 m.o.h.) og er på veg austover. Vi ser m.a. Storehesten (1209 m.o.h.) til høgre. Foto: Atle Holsen.

Sogn og Fjordane Turlag er lokallag av DNT og vart skipa i 1983 med sju lokale turlag som medlemer frå starten. Luster Turlag vart medlem i 1993, og Årdal Turlag og Vik Turlag i 2003. Sogn og Fjordane Turlag har kontor i Førde saman med i Indre Sunnfjord Turlag. Talet på medlemer har auka jamt og var i 2012 kome opp i 5741 fordelt på 14 lokallag og to frittståande Barnas Turlag.

Hausttur på Fanaråken (2068 m.o.h.) Foto: Norman Kjærvik.

Hausttur på Fanaråken (2068 m.o.h.) Foto: Norman Kjærvik.

Lokale turlag:

Luster Turlag

vart skipa i 1971. Laget gav i 1976 ut boka «Vandring i Lustrafjell» og i 1994 «Lustrafjell – om fjell og fjellfolk». Luster Turlag eig hytta på Fivle og steinhuset på den restaurerte høgdegarden Fuglesteg. Begge desse hyttene vert administrerte gjennom DNT.

Dei raude t-ane til Den Norske Turistforening viser veg i stadig fleire fjellområde i Sogn og Fjordane. Denne vesle varden står ved Longevasshytta i Sunnfjord og viser vegen mot Blådalen og Nordfjord. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Indre Sunnfjord Turlag

vart skipa i 1971. Etter eit mislukka forsøk på å få bygd ei hytte i Årdalskupa i Jølster låg laget nede fram til 1984. I 1989 vart Longevasshytta på turen Årdal i Jølster – Nes i Naustedalen opna. Hytta Massbu ved Øvre Laukelandstølen vart opna i 1999 og Nipebu i Askvoll i 2001. Indre Sunnfjord Turlag hadde i 2005 kring 1000 medlemer. Frå 1990-talet har laget omfatta kommunane Naustdal, Jølster, Førde, Gaular, Fjaler og Askvoll.

Årdal Turlag

vart skipa i 1973. Turlaget har vore aktive i utbygging av vegar og turistiar i Utladalen, og nyttar den nedlagde fjellgarden Avdal og stølsselet som høyrer til som losji.

Midtre Nordfjord Turlag

vart skipa i 1978 og har medlemer frå kommunane Eid og Gloppen. Laget hadde i 2005 348 medlemer.

Indre Nordfjord Turlag

vart skipa i 1977 og er eit lokallag for Stryn og Hornindal kommunar. I 2005 hadde laget vel 300 medlemer. Det skipar m.a. til årlege turar til Lodalskåpa og Honndalsrokken. Indre Nordfjord Turlag har ytt økonomisk hjelp og dugnadsinnsats for å setje i stand den private hytta Flatsteinsbu. Laget fekk eiga barnegruppe i 2005.

Hornindalsrokken (1529 meter over havet) er eitt av dei faste turmåla til Indre Nordfjord Turlag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hornindalsrokken (1529 meter over havet) er eitt av dei faste turmåla til Indre Nordfjord Turlag. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lærdal Turlag

vart skipa i 1990, og fekk eiga barnegruppe i 2000.

Andre turlag i Sogn og Fjordane:

  • Ytre Nordfjord Turlag skipa 1985
  • Keipen Turlag i Bremanger skipa 1990
  • Flora Turlag (eig hyttene Grytadalsbu, Blåbrebu, Børabu og Gjegnabu)
  • Vik Turlag
  • Sogndal Turlag
  • Balestrand og Høyanger Turlag skipa i 2010
  • Ytre Sogn Turlag (Gulen og Solund) skipa i 2011
  • Aurland Turlag (tilslutta Sogn og Fjordane Turlag i 2011)
  • I tillegg er det frittståande Barnas Turlag i Leikanger og Hyllestad.
Utsyn mot Florø frå Høydalsnipa (933 m.o.h.). Den næraste bygda er Store Høydal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Utsyn mot Florø frå Høydalsnipa (933 m.o.h.). Den næraste bygda er Store Høydal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 09.02.2015