Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn og Fjordane Volleyballkrins

Spelarane på Førde Volleyballklubb jublar etter å ha vunne eliteserien i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Spelarane på Førde Volleyballklubb jublar etter å ha vunne eliteserien i 2008. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogn og Fjordane Volleyballkrins vart skipa i 1975 . Sidan har laga frå Tambarskjelvar Idrettslag i Naustdal og herrelaget frå Førde markert seg mellom dei sterkaste på nasjonalt nivå. Herrelaget til Førde Volleyballklubb kan skilte med noregsmeisterskap i 2007 (cup) og seriemeisterskap i 2008.

Norges Volleyballforbund vart skipa i 1946. Ein reknar med at sporten kom til Noreg i 1935. Det var Arbeidernes Idrettsforening – AIF – som starta med organiserte volleyballtevlingar først her i landet i 1936, men også KFUM- og KFUK-lag var tidleg ute, også i Sogn og Fjordane. Dei første åra vart spelet kalla ”nettball”. Norges Volleyballforbund er delt inn i fire regionar med 19 krinsar og rundt 450 klubbar.

Sogn og Fjordane Volleyballkrins vart skipa i 1975 og er tilslutta regionkrinsen NVFB Midt. Aktiviteten i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal vert administrert i fellesskap frå det sentrale forbundskontoret i Oslo.

I Sogn og Fjordane var det i 2008 30 lokale volleyballgrupper. Forutan volleyballaga til IL Tambarskjelvar i Naustdal og volleyballgruppa i Førde er det IL Bjørn i Luster, Svelgen og Hornindal som har hatt lag som har markert seg på nasjonalt nivå.

Geir Eithun er mellom spelarane frå Førde som har markert seg med proffspel i utlandet og med landslagsspel. Foto: Rune Fossum, NRK.

Geir Eithun er mellom spelarane frå Førde som har markert seg med proffspel i utlandet og med landslagsspel. Foto: Rune Fossum, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015