Hopp til innhold
X
Innhald

Sogn ungdomslag

Sogn ungdomslag vart skipa i 1896, same året som Noregs Ungdomslag vart skipa på eit møte i Trondheim. Laget heldt i lang tid årvisse sommarstemne som gjekk over to dagar. Dette kunne vere store samlingar: I 1905 som var året for unionsopløysinga, var det samla 3500 menneske på ungdomslagsstemnet i Vik.

I 1991 vart Sogn Ungdomslag slege saman med Firda Ungdomslag og Sunnfjord Ungdomslag til Sogn og Fjordane Ungdomslag – SOFUL.

Den landsomfemnande organisasjonen Noregs Ungdomslag har i dag kring 650 lokallag og 27 fylkeslag med i alt 23.000 medlemer.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015