Hopp til innhold
X
Innhald

Sogns Turistforening

Bøyabréen var eitt av måla for dei første turistane i Sogn og Fjordane.

Bøyabréen var eitt av måla for dei første turistane i Sogn og Fjordane.

Sogns Turistforening vart skipa i Vik i 1890 av ingeniøren Jens Sigfred Hopstock, og vart såleis den første turistforeninga i fylket. Den kjende fjellpionéren og bergensjuristen Kristian Magdalon Bing (1862-1935) var til stades som ”fadder”. – Les meir om Kristian Bing og ekspedisjonane hans på Jostedalsbréen og Ålfotbréen under kommunane Luster og Bremanger. Hotelleigar Olaus Dahle i Fjærland vart ei drivande kraft i denne foreninga framover 1890-talet. Sogns Turistforening gav i 1893 ut eit eige rutehefte og guide for turistar i Sogn, og laget hadde på det meste, i 1895, over 150 medlemer. Sogns Turistforening vart lagd med kring 1910, men aktiviteten vart teken opp att i 1938 av sonen til Olaus Dahle, Sigurd Dahle.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.10.2011