Hopp til innhold
X
Innhald

Sunnfjord distriktslosje av I.O.G.T.

Losje Skålefjell i Stongfjorden. Foto Olai Fauske. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Losje Skålefjell i Stongfjorden. Foto Olai Fauske. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Sunnfjord distriktslosje av I.O.G.T. vart skipa i 1918, men fleire losjar var i arbeid alt kring hundreårsskiftet:

Losje Florø Værn vart den første godtemplarlosjen i fylket då den vart skipa i 1887. Eit felles fråhaldslag, truleg IOGT-losje, for Førde og Jølster vart skipa på 1880-talet. Denne vart seinare delt i fleire lokallag.

Losjane i Sunnfjord talde ved skiping av distriktslosjen i 1918 i alt 1124 medlemer. Utover 1920-talet minka medlemstalet til kring 800. På 1930-talet låg medlemstalet i Sunnfjord-laga kring 850.

Etter andre verdskrig auka medlemstalet sterkt, og toppa seg i 1945 med 1250 medlemer. Barnelosjane var også oppe i over 1000 medlemer i desse første etterkrigsåra. Utover 1950- og 1960-talet gjekk medlemstalet sterkt ned: I 1958 til 418 medlemer, i 1965 293, og i 1967 238 medlemer. (Kjelde: Sunnfjord distriktslosje av I.O.G.T. gjennom 50 år, 1968) Også i Sunnfjord mobiliserte I.O.G.T. sterkt med omreisande folketalarar i samband med dei landsomfemnande folkerøystingane om alkoholforbod i 1915, 1919 og 1926.

- Les meir om dette under Nordfjord distriktslosje av I.O.G.T.. I 1961 samarbeidde I.O.G.T. og D.N. T. i Sunnfjord med Kristenfolkets edruskapsråd om ein kampanje mot rusdrykk med foredrag i skulane og ein stor møteserie.

Nei til dans

Fleire lokale losjar i Sunnfjord bygde eigne lagshus. Mange av leiarane i losjane var folk med røter i den trauste vestlandspietismen, og lagsdrift og tenkjemåte var prega av det. I 1932 avviste såleis distriktslosjen i Sunnfjord eit framlegg frå distriktslosjen i Oslo om å tillate dans i losjelokala.

Frå 1928 vart det skipa til fleire samstemne mellom I.O.G.T. og DNT-laga i Sunnfjord, og laga skipa også til fleire felles kurs i praktisk fråhaldsarbeid.

Hotellplanar i Florø

Sunnfjord-losjane engasjerte seg også i kampen mot nyting av rusdrykk på Fylkesbaatane, og sende i 1946 eit skarpt brev til Fylkesbaat-direksjonen der ein bad om at reglane om forbod mot å drikke alkohol ombord i skipa vart etterlevd.

Hotellplanar i Florø

I sildeåra etter 2. verdskrig tok Florø-losjen «Landkjenning» opp tanken om å få bygd eit fråhaldshotell i Florø. Sunnfjord distriktslosje av I.O.G.T. og Sunnfjord fylke av DNT og fekk skipa eit aksjelag, men det heile enda opp med at det i 1963 vart starta ein kafé med namnet «Varden» i nybygget til Kinn Sparebank.

I.O.G.T.-losjar i Sunnfjord:

  • Losje Florø Værn vart skipa i 1887.
  • Losje Straumgir på Sunde i Førde vart skipa på 1890-talet.
  • Losje Fostbrødrelag i Angedalen i Førde vart skipa på 1890-talet.
  • Losje Frøya i Kalvåg vart skipa i 1895.
  • Losje Våren i Bremanger vart skipa i 1897.
  • Losje Havrók i Bremanger vart skipa i 1898.
  • Losje Landkjenning i Florø vart skipa i 1903.
  • Losje Framtak i Eikefjord vart skipa i 1903, barnelosjen Eikefjord framtid skipa 1929.
  • Losje Dalebuen i Dale vart skipa i 1908.
  • Losje Ørnefjell i Naustdal vart skipa i 1908, barnelosje i 1911.
  • Losje Skålefjell i Stongfjorden vart skipa i 1909.
  • Losje Bjørgja på Skei vart skipa i 1910.
  • Losje Heimtun i Førde vart skipa i 1913, og barnelosjen Solvon i 1918.
  • Losje Sandfjell i Fimlandsgrend, Naustedalen, vart skipa i 1913.
  • Losje Audun Hugleikson i Stardalen vart skipa i 1914.
  • Losje Andror på Kjelkenes, Bremanger, vart skipa i 1914.
  • Losje Seglmerket i Batalden vart skipa i 1914.
  • Losje Moldura i Holmedal vart skipa i 1915, barnelosjen Vår Von i 1916.
  • Losje Fyret på Skorpa i Flora vart skipa i 1916.
  • Losje Vegvisaren i Bygstad vart skipa i 1917.
  • Losje Maritind i Svelgen vart skipa i 1919.
  • Losje Stavangs Von vart skipa i 1921.
  • Losje Jølstra på Eikås vart skipa i 1921.
  • Losje Grimelands minne (- sjå Josef Grimeland) i Naustdal vart skipa i 1929.
  • Losje Bygdevern i Holmesund skipa i ?
  • Losje Askvellir i Askvoll skipa i ?
  • Losje Kinn på Kinn skipa i ?
  • Losje Veten på Tansøy skipa i ?
  • Losje Snønipa i Åmot i Jølster skipa i ?
  • Losje Gaulværingen på Sande skipa i ?
  • Losje Borg i Stardalen vart skipa i 1932.
  • Losje Orkja i Jølster vart skipa i 1933.
  • Losje Vårfjell på Vassenden vart skipa i 1934.
  • Losje Auduns borg på Ålhus vart skipa i 1935.
  • Krinslosje Jølster vart skipa i 1935.
  • Losje Traust på Leitet i Fjaler skipa i 1935.
  • Losje Kveldulv på Kvellestad i Vevring vart skipa i 1935.
  • Losje Atle Jarl i Bygstad vart skipa i 1939.
  • Losje Sundegrend i Førde vart skipa i 1942.
  • Losje Vetlebjørgja i Jølster vart skipa i 1945.
  • Florø Godtemplarungdomslag vart skipa i 1965.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015