Hopp til innhold
X
Innhald

Sunnfjord Ungdomslag

Sunnfjord Ungdomslag vart skipa i 1904 etter opptak av Kristian Eimhjellen frå Hyen, som då hadde busett seg som lærar i Naustdal.

Det første ungdomsstemnet vart skipa til i Førde i 1898, men den formelle skipinga av Sunnfjord Ungdomslag skjedde først seks år seinare. Sunnfjordingane hadde heilt frå 1896 halde saman med nordfjordingane i Firda Ungdomslag. Firda Ungdomslag hadde frå starten innmeldt 17 lokallag frå Nordfjord og Sunnfjord med i alt 624 medlemer. I Sunnfjord, som elles i landet, var det skipa fleire lokale ungdomslag før «regionlaget» kom i arbeid.

Ungdomslag i Sunnfjord:

Solglytt Ungdomslag vart skipa i Kvammen/Gjelsvik i Askvoll på 1890-talet, og avløyst av ungdomslaget Vårvon i 1901.

  • Førde Ungdomslag vart skipa 1893.
  • Midtredalen Ungdomslag i Naustdal vart skipa i 1893.
  • Bygstad Ungdomslag i Gaular vart skipa 1895.
  • Flekke Ungdomslag i Fjaler vart skipa 1896.
  • Askvoll Ungdomslag vart skipa i 1896.
  • Holmedal Ungdomslag i Askvoll vart skipa 1896.
  • Vårbod ungdomslag vart skipa i Horstad krins i Naustdal i 1897.
  • Breidablikk Ungdomslag i Viksdalen i Gaular vart skipa i 1898.
  • Dale Ungdomslag i Fjaler vart skipa i 1898.
  • Framover Ungdomslag vart skipa i Kjelkenes/Gulen i Bremanger i 1898.
  • Eikefjord Ungdomslag vart skipa i 1900.
  • Gjesdal Ungdomslag i Jølster vart skipa i 1901.
  • Skei Ungdomslag i Jølster vart skipa i 1902.
  • Eikås Ungdomslag i Jølster vart skipa i 1903.
  • Framhug Ungdomslag vart skipa på Grytøyra i Fjaler i 1907.
  • Naustdal Ungdomslag vart skipa i 1907.
  • Guddal Ungdomslag i Fjaler vart skipa i 1908.
  • Standnes Ungdomslag i Gaular vart skipa i 1912, og skifta namn til Fjorden Ungdomslag i 1921.
  • Rivedal Ungdomslag i Askvoll vart skipa i 1917.
  • Ålhus Ungdomslag i Jølster vart skipa i 1918.
  • Straumsnes Ungdomslag i Fjaler vart skipa i 1918.
  • Standal og Svortevik Ungdomslag i Flora vart skipa i 1921, og endra namn til NybrotUngdomslag i 1925.
  • Bjordal Ungdomslag i Fjaler vart skipa i 1928.
  • Bondeungdomslaget i Florø vart skipa i 1936.
  • Skogstjerna Ungdomslag vart skipa i 1945.
  • Vidar Ungdomslag vart skipa i 1960.
  • Dalen Ungdomslag i Bremanger vart skipa i 1968.
  • Liljeblomen Ungdomslag i Gaular vart skipa i 1972.
  • Sunnfjord Ungdomslag gjekk inn i det fylkesomfemnande Sogn og Fjordane Ungdomslag ( SOFUL) i 1991 saman med Firda Ungdomslag og Sogn Ungdomslag.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015