Hopp til innhold
X
Innhald

Thrane-rørsla i indre Sogn

I Lærdal, Borgund, og delvis også i Sogndal og Luster fekk den radikale Thrane-rørsla fotfeste i nokre få år på 1840-talet.

Marcus Thrane (1817–1890) starta den første norske arbeidarrørsla på 1840-talet. Den samla m.a. 13.000 underskrifter til krav om ålmenn røysterett og innføring av åtte-timars arbeidsdag for husmenn og andre arbeidsfolk. Thrane vart redaktør av avisa «Drammens Adresse» i 1848, som vart hovudorgan for rørsla i dei få åra den levde. Thrane var inspirert av ideeane frå Februar-revolusjonen i 1848 i Frankrike. På eit par år samla Thrane-rørsla 30.000 medlemer i 300 foreningar - i hovudsak på Austlandet. Den einaste «avleggjaren» på Vestlandet kom i Lærdal - sjå: Thrane-rørsla og Lærdal.

Dette skuldast først og fremst den karismatiske agitatoren Gudbrand Larsen Sundløkken som tok vegen over fjella. Han hadde ei god lokal såmark for sosialistiske og radikale idear mellom arbeidsfolk som hadde bygd veg gjennom Lærdalsdalen. Her hadde det arbeidd opptil 700 mann, og ein stor del av dei var frå Lærdal. På slutten av 1840-talet ebba anleggsarbeidet ut, og småkårsfolket fann lite å brødfø seg med lokalt.

Sundløkken reiste i 1851 på talarferd i Lærdal, Sogndal og Hafslo, og etter dette vart det skipa «arbeidarforeningar» både i Tønjum (Lærdal) og Borgund. Foreninga i Tønjum teikna 73 medlemer, og Borgund 36. Anders Torsteinson Mo, som var tenestekar i prestegarden på Tønjum, vart ein sterk lokal formann. Mo deltok m.a. på landsmøtet i rørsla i 1851, der fleirtalet gjekk inn for revolusjon i Noreg. Kort tid etter møtet slo styremaktene til mot den radikale flokken. Marcus Thrane vart arrestert og dømd til fire års tukthus. Thrane-rørsla gjekk i oppløysing. Thrane sjølv emigrerte i 1863 til Amerika. I Lærdal gjekk også lokallaga i oppløysing. Anders Torsteinson Mo flytta til Stavanger, og enda si tid som lekpredikant, med Voss som bustad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.05.2015