Hopp til innhold
X
Innhald

Trygg Trafikk

Sogn og Fjordane Fotballkrets er mellom dei som har fått Trafikktryggleiksprisen i fylket. Her har dagleg leiar Svein Olav Myklebust teke imot prisen for 2003 av leiar i trafikktryggingsutvalet, Åshild Kjelsnes, og fylkesordførar Nils R. Sandal.

Audun Heggestad har vore fylkessekretær i Trygg Trafikk frå starten i 1984. Foto: Arne Eithun, NRK.

Audun Heggestad har vore fylkessekretær i Trygg Trafikk frå starten i 1984. Foto: Arne Eithun, NRK.

Trygg Trafikk vart skipa i 1956 under namnet Landsforeningen til fremme for Trygg Trafikk. Men alt i 1930-1935 var det ein liknande organisasjon under leiing av vegdirektøren som arbeidde med trafikktryggingsspørsmål som først og fremst var knytte til den aukande bilismen.

Fylkessekretær

Frå 1978 tok ein til å byggje ut den lokale organisasjonen med fylkessekretærar i kvart fylke. Trygg Trafikk i Sogn og Fjordane vart skipa i 1984, og Audun Heggestad har vore fylkessekretær sidan starten. Kontoret er samlokalisert med vegkontoret på Hermansverk.

Trafikktryggingspris

I Sogn og Fjordane er det fylkeskommunen, Årdal kommune og Flora kommune som er medlemer. Trygg Trafikk tok m.a. initiativet til at det vart skipa eit trafikktryggingsutval i fylkeskommunen. Dette utvalet deler kvart år ut ein trafikktryggingspris.

Generelt arbeider Trygg Trafikk først og fremst mot skulane og med trafikksikringskampanjar retta mot barn og ungdom.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 

Sist oppdatert: 19.10.2011