Hopp til innhold
X
Innhald

Turistforeningane og turlaga

Opbrud til tindebestigning kalla K. Knudsen dette fotoet av svært tidlege fjellturistar i Skjolden i Luster. Foto: K. Knudsen. © Knudsen-samlingen, UBB.

Opbrud til tindebestigning kalla K. Knudsen dette fotoet av svært tidlege fjellturistar i Skjolden i Luster. Foto: K. Knudsen. © Knudsen-samlingen, UBB.

Rundt 1900 vart det populært å klatre i Jotunheimen. Ukjend fotograf, eigar Astrid Drægni. © Fylkesarkivet.

Rundt 1900 vart det populært å klatre i Jotunheimen. Ukjend fotograf, eigar Astrid Drægni. © Fylkesarkivet.

DNT – Den norske Turistforening - vart skipa i 1868 av Thomas Heftye til fremjing av eit aktivt tur- og friluftsliv i skog og fjell. Jotunheimen og fjella kring Jostedalsbréen var heilt frå starten nokre av dei viktigaste reisemåla for norske og utanlandske fjellvandrarar. Men dei første turistforeninga som vart skipa i Sogn og Fjordane på 1890-talet, hadde ei heilt anna målsetjing enn ”enkel” fjellvandring. Dei lokale turistforeiningane i Sogn og Fjordane vart først og fremst interesseforeiningar for dei nye turisthotella.

DNT og den første fjellturismen

DNT vart skipa i 1868, og alt i 1870 vart den første fjellhytta opna i Jotunheimen. Det var Tyinhytta, og Memurubu vart kjøpt same året. I dei første åra var skikkelege kart over den norske fjellheimen mangelvare. Difor vart ei av dei første oppgåvene for DNT å peike ut spesielt lokalkjende folk som fjellførarar – såkalla patentførarar som fekk eit skriftleg prov på at dei var røynde fjellfolk. Alt i 1904 tok DNT opp tanken om å skipe nasjonalparkar, men det skulle gå nærmare 60 år før den første, Rondane nasjonalpark, vart skipa i 1962. I 2008 har DNT over 207.000 medlemer og disponerer over 420 hytter over heile landet. - Les meir om kjende patentførarar i Sogn og Fjordane i biografiar om desse under kommunane: Stryn, Balestrand, Sogndal, Luster og Årdal.

- Les meir om det norske kartverket under Gerhard Munthe d.y., og Ivar Refsdal.

- Les meir om DNT sitt engasjement i vassdragsfreding i artikkelen Freding av Vettisfossen.

– Les meir om nasjonalparkane i Jotunheimen og Jostedalsbreen og om dei første fjellpionérane i artikkelen Jostedalsbreen.

Hotel Alexandra i Loen i 1910. Det var hotelleigarane som stod i spissen for dei første turistforeiningane. Foto: Jens K. Maurseth. © Fylkesarkivet.

Hotel Alexandra i Loen i 1910. Det var hotelleigarane som stod i spissen for dei første turistforeiningane. Foto: Jens K. Maurseth. © Fylkesarkivet.

Lokale turistforeningar

Medan den første sentralleiinga i DNT var oppteken av den enkle fjellturismen, var det som nemnt den profesjonelle reiselivsnæringa med hotellfolket i spissen som stod for organisering av dei første turistforeiningane på Vestlandet. Den første turistforeininga på midtre Vestlandet var Turistforeningen for Bergen by og Stift som vart skipa i 1890. Det var hotelleigarar og andre personar innan reiselivet som gjekk i brodden for skiping av dei første regionale turistforeiningane her vestpå. Turistforeiningane vart først og fremst ein reiskap for den nye turistnæringa, og dreiv aktivt salsarbeid og gav ut brosjyrar og reisehandbøker på fleire språk. Desse første turistforeiningane arbeidde også for å auke den lokale hotellstandarden og betre skysstilboda. I Sogn og Fjordane vart det skipa to lokale foreiningar som var aktive frå 1890-åra og fram til kring 1910: Nordfjords Turistforening og Sogns Turistforening. Desse to første foreiningane vart først og fremst skipa for å fremje den meir ”makelege” turismen som då utvikla seg kring dei nye turisthotella som dukka opp som paddehattar langs dei mest populære turistrutene i Sogn og Fjordane. Ved århundreskiftet var det nemleg kome opp i kring 50 turisthotell i fylket. I mellomkrigstida endra turistforeiningane i fylket karakter frå å vere interesseorganisasjonar for den kommersielle turistnæringa og turisthotella, og til å verte ein organisasjon som først og fremst skulle målbere interessene til friluftsinteresserte ”fotturistar”.

Fotturistar har passert ein varde på ein sti merkt av DNT i Grønaskaret i Årdal. I bakgrunnen ser vi ein god del av toppane i Vest-Jotunheimen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fotturistar har passert ein varde på ein sti merkt av DNT i Grønaskaret i Årdal. I bakgrunnen ser vi ein god del av toppane i Vest-Jotunheimen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sogns Turistforening

vart skipa i Vik i 1890 og var den første turistforeninga i fylket.

Nordfjords Turistforening

vart skipa i 1898.

Sønd- og Nordfjord Turistforening

- sjå Nordfjords Turistforening.

Fanaråkhytta i Luster kommune er den turisthytta i landet som ligg høgst over havet - 2068 meter. Her står t-ane tett, for det er ofte skodde på toppen. Foto: Judith Stølen, NRK.

Fanaråkhytta i Luster kommune er den turisthytta i landet som ligg høgst over havet - 2068 meter. Her står t-ane tett, for det er ofte skodde på toppen. Foto: Judith Stølen, NRK.

Fjellhyttene i Sogn Fjordane

I Sogn og Fjordane har DNT og turlaga til saman rundt 50 hytter.

Sogn og Fjordane Turlag

Sogn og Fjordane Turlag er lokallag av DNT og vart skipa i 1983 med sju lokale turlag som medlemmer frå starten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.10.2011