Hopp til innhold
X
Innhald

Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Arbeidarparti vart skipa som fylkeslag den 15. august 1920, men lenge før hadde det eksistert både lokallag og regionale partilag:

Utanom thranittarlaga (sjå: Politiske parti og rørsler i Sogn og Fjordane) som vart skipa i indre Sogn kring 1850, var det Florø som var først ute med eit lokalt arbeidarlag: Berre 10 år etter skipinga av Det norske Arbeiderparti (DNA) den 22. august 1887 vart Florø Arbeiderlag skipa i 1897. Dei første åra før Landsorganisasjonen vart skipa i 1903, tok dette laget seg også av reint fagpolitiske saker lokalt.

Arbeidarane ved Indviken Uldvarefabrikk starta det andre arbeidarlaget i Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Arbeidarane ved Indviken Uldvarefabrikk starta det andre arbeidarlaget i Sogn og Fjordane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Liste til stortingsvalet

Det neste arbeidarlaget som ein kjenner til i fylket, vart skipa i Innvik i august 1909 etter opptak av Jens Ivarson Hilde, og same året stilte dette laget liste til stortingsvalet. Det var arbeidarmiljøet ved Indvikens Uldvarefabrik som utgjorde kjernen i dette lokallaget. I 1915 eller 1916 vart Nedre Lærdal Arbeiderforening skipa, og dei dreiv m.a. bibliotek med eigen lesesal. I same huset fekk også den første arbeidaravisa i fylket, Sogns Socialdemokrat (sjå: Aviser og media i Lærdal), kontor då avisa vart skipa i 1919.

Høyanger Arbeiderparti vart skipa i 1919. Her var forløparen på eit vis fagforeninga Høyanger Træarbeiderforening som vart skipa i 1917.

Tre krinslag frå 1918

I 1918 vart det organisert tre krinslag: Indre Sogn Kretsparti, Ytre Sogn Kretsparti og Kinn og Omegn socialdemokratiske fiskerforening. Ved stortingsvalet i 1918 stilte desse tre regionale partilaga eigne vallister som tilsaman fekk 1.062 røyster. Ved kommunevalet same året fekk partiet inn tilsaman 31 representantar i kommunestyra.

Dei to regionlaga i Sogn vart slegne saman til Sogn Arbeidarparti i 1920, og i Nordfjord gjekk arbeidarlaga i Eid, Gloppen og Innvik saman. Men desse regionlaga vart berre eit kort mellomspel før ein organiserte fylkeslaget om hausten same året.

Martin Tranmæl på vitjing i Dale i 1936, her i samtale med Oddleif Fagerheim. Ukjend fotograf.

Martin Tranmæl på vitjing i Dale i 1936, her i samtale med Oddleif Fagerheim. Ukjend fotograf.

Ideologistrid og kløyving

På nasjonalt plan vart 1920-åra ei tid som var prega av sterke indre spenningar i arbeidarrørsla: I 1921 kom den første kløyvinga då Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti vart skipa som ein protest mot at Martin Tranmæl og Kyrre Grepp fekk meldt Det norske Arbeidarparti inn i Den tredje kommunistiske internasjonalen. Det nye partiet la vekt på å arbeide for sosialisme innanfor ei parlamentarisk ramme – altså i opposisjon til ei meir revolusjonær retning. Men i 1923 vart den norske arbeidarrørsla på nytt kløyvd i synet på medlemskap i Den kommunistiske internasjonalen, og dette førde til at DNA braut med internasjonalen og til skipinga av Norges Kommunistiske Parti - NKP. Også i Sogn og Fjordane vart Arbeidarpartiet kløyvt, og eit fleirtal i styret gjekk med i NKP. I 1927 kom det til ”forsoning” mellom DNA og dei som hadde brote ut med Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti i 1921. Etter oppmoding frå DNA sentralt vart difor fylkespartiet reorganisert i 1927 ved at fylkeslaga av Det norske Arbeiderparti og Norges Socialdemokratiske Arbeiderparti slo seg saman under namnet Sogn og Fjordane Arbeidarparti med M. Sørbotten frå Vadheim som første formann.

På Stortinget frå 1927

Anders A. Lothe frå Florø vart partiet sin første representant på Stortinget i 1927. Arbeidarpartiet skipa eige kvinneutval for fylket i 1933. Sogn og Fjordane AUF vart skipa i 1935.

Kjell Opseth frå Førde vart ein markant person i rikspolitikken som stortingsmann, kommunalminister og samferdsleminister. Foto: Bjørn Sigurdsøn, Scanpix.

Kjell Opseth frå Førde vart ein markant person i rikspolitikken som stortingsmann, kommunalminister og samferdsleminister. Foto: Bjørn Sigurdsøn, Scanpix.

Partiavisene

Partiaviser for Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane har vore: «Sogn og Fjordane Socialdemokrat» – først skipa som avis i Lærdal (sjå: Aviser og media i Lærdal) og flytta til Vadheim i 1921. Avisa gjekk inn i 1922.

«Gjallarhorn» starta av Tor Grønnevik i Førde i 1935, og frå 1938 til den gjekk inn i 1940 partiorgan for Arbeidarpartiet.

«Sogn Folkeblad» som vart skipa i 1938, og frå 1968 til den gjekk inn i 1997 kom ut som dagsavis i Høyanger under namnet «Sogn Dagblad».

«Firdaposten » i Florø, skipa i 1948. Begge dei to siste vart eigde av Norsk Arbeiderpresse.

På 1990-talet vart dei politiske bindingane og lojaliteten mindre for dei tidlegare partritru avisene. Dette galdt både i norsk arbeidarpresse som i norske aviser generelt: Det norske Arbeiderparti sitt hovudorgan, Arbeiderbladet, der sjefredaktøren tidlegare vart vald av partilandsmøtet, har endra namn til ”Dagsavisen” og kallar seg uavhengig dagsavis som ” berre” verdimessig kjenner seg forankra i arbeidarrørsla. Og selskapet Norsk Arbeiderpresse som styrte og rådde med det meste innan Arbeidarparti-avisene fram til 1980-talet har skifta ham til A-pressen. I dag er A-pressen eit mangslunge mediekonsern som m.a. kjøpte opp den privateigde og partinøytrale avisa ”Firda” i Førde i 1996. A-pressen eig elles Firdaposten framleis, medan Sogn Dagblad ( sjå denne –Høyanger kommune) gjekk inn i 1997.

Ingrid Heggø og Tor Bremer jublar for plass på stortinget ved valet i 2009. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Ingrid Heggø og Tor Bremer jublar for plass på stortinget ved valet i 2009. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015