Hopp til innhold
X
Innhald

Framstegspartiet (Frp) i Sogn og Fjordane

«Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep» vart skipa av Anders Lange (1904-1974) frå Asker i 1973 og var forløparen til Framstegspartiet (Frp), som vart det nye namnet frå 1977.

Framstegspartiet skipa fylkeslag i Sogn og Fjordane i 1983 med Finn Ove Njøsen, Førde, som første formann. Partiet stilte sine første lokale lister til kommune- og fylkestingsvalet same året, og fekk inn Alf Kollseter frå Sogndalsdalen på fylkestinget.

Første stortingsrepresentanten til Frp frå Sogn og Fjordane vart Åge Starheim, Selje, 2005- .

Lars Svein Drabløs frå Nordfjordeid vart den første fylkessekretæren i partiet.

Åge Starheim vart i 2009 den første stortingsrepresentanten til Frp frå Sogn og Fjordane. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Åge Starheim vart i 2009 den første stortingsrepresentanten til Frp frå Sogn og Fjordane. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015