Hopp til innhold
X
Innhald

Høgre i Sogn og Fjordane

Listesamarbeid med Moderate Venstre

Partiet «Høire» vart skipa 27. august 1884 med Emil Stang som første formann. På landsplan vart partiet skipa som ein reaksjon på innføringa av parlamentarismen og utvida røysterett som Venstre kjempa for.
Høgre skipa fylkeslag i Sogn og Fjordane og melde det inn i Høgre sin landsorganisasjon den 25. juni 1921.

Listesamarbeid med Moderate Venstre

Før Stortingsvalet i 1888 vart partiet Venstre kløyvd i Reine Venstre og Moderate Venstre. Det siste fekk inn 23 representantar ved Stortingsvalet i 1888. Moderate Venstre hadde størst oppslutning på Vestlandet, særleg i den lavkyrkjelege delen av folket. Kristeleg Folkeparti, skipa i 1933, vert rekna som eit slags «framhald» av denne «rørsla».

I Sogn og Fjordane var det i lang tid tette band mellom Høgre og flokken som sokna til Moderate Venstre og ei anna utbrytargruppe frå Venstre som kom til i 1909; Frisinnede Venstre: Ved Stortings-valet i 1888 tok Moderate Venstre tre av dei fem Stortings-plassane, medan dei to andre gjekk til Høgre. Høgre og Moderate Venstre hadde alle stortingsplassane frå Sogn og Fjordane fram til 1900, då Venstre tok tilbake alle plassane.

Høgre deler seg

Høgre deler seg

Høgre-sida tok tilbake alle Stortings-mandata frå fylket ved valet i 1903: Moderate Venstre hadde nemleg ved dette valet gått inn i Samlingspartiet saman med moderate Høgre-folk som ikkje lenger fann seg til rette i det sterkt konservative Høgre. Med Christian Michelsen i spissen fekk denne grupperinga klart fleirtal i Stortinget. Denne miksen av moderat høgrepolitikk og lågkyrkjeleg «Vestlands-Venstre» var tydelege noko folk likte.

Samlingspartiet stilte lister i alle einmannskrinsane i Nordfjord, Sunnfjord, Kinn, Indre Sogn og Ytre Sogn og fekk inn folka sine i alle krinsane.

Ny samarbeidspartnar: Frisinnede Venstre

I 1909 vart det skipa endå eit nytt parti av ei utbrytargruppe som meinte Venstre hadde vorte for radikalt. Dette nye partiet heitte Frisinnede Venstre. Trass i at Høgre skipa eige fylkeslag i 1920, så stilte Høgre fellesliste med Frisinnede Venstre til og med valet i 1927. Listesamarbeidet hadde særleg suksess i Sunnfjord, der dei fekk inn fleire representantar åra mellom 1906 og 1921, då fylket var delt inn i fem einmannskrinsar.

Heilt fram til og med Stortingsvalet i 1927 stilte Frisinnede Venstre samarbeidslister med Høgre i Sogn og Fjordane, men så lenge ordninga med fem valkrinsar varde (1906–1921), var det tilliks med Venstre også stor usemje om kven som skulle toppe Høgre/Frisinnede Venstre-listene. Usemja gjorde t.d. at det ved valet i 1912 vart stilt to Høgre/Frisinnde Venstre-lister i Ytre Sogn krins. I Nordfjord valkrins vart det i 1921 stilt ei fellesliste for Høgre, Frisinnede Venstre (sjå dette under Venstre i Sogn og Fjordane), og Landmannsforbundet, som var forløparen til Bondepartiet. Denne Nordfjord-lista fekk ikkje nok røyster til mandat. Ved Stortingsvalet i 1921 hadde ein gått tilbake til felles valkrins for heile fylket, og då fekk felleslista mellom Høgre og Frisinnede Venstre inn Høgre-mann og fylkesmann Ingolf Christensen.

Ivar Lind var første formannen i Høgre i Sogn og Fjordane. © Fylkesarkivet.

Ivar Lind var første formannen i Høgre i Sogn og Fjordane. © Fylkesarkivet.

Fylkeslag for Høgre

Ei ny valordning som tok til å gjelde frå og med stortingsvalet i 1921, sette fart i skiping av fastare fylkesorganisasjonar i fleire politiske parti. Dette galdt både Venstre, Høgre og Arbeidarpartiet, og i tillegg kom bøndende sitt eige Bondeparti som vart skipa i 1920. Opptaket til skiping av fylkeslag for Høgre i Sogn og Fjordane vart gjort av sekretæren i Bergens Høireforening, premierløytnant J. Dugstad. I 1919 tok han opp tanken om at det burde skipast ein valorganisasjon for Høgre i Sogn og Fjordane slik at dei kunne stille liste ved det komande stortingsvalet. På eit møte i Bergen i oktober 1920 vart Høire i Sogn og Fjordane skipa med politimeister Ivar Lind frå Florø som første formann. Fylkespartiet vart innmeldt i Høgre sin landsorganisasjon den 25. juni 1921. Men som nemnt: Den første tida fungerte partiet først og fremst som ein valorganisasjon, og J. Dugstad i Bergen fungerte som sekretær for den laust samantømra organisasjonen i ”nordfylket” fram til 1923. Då vart ein annan premierløytnant i Bergen, K.H. Aarra, tilsett som sekretær på deltid for Høire i Sogn og Fjordane. Det var først då ”Sogningen”-redaktør Richard Christoffer Schelderup Knoff (sjå denne – Balestrand kommune) i Balestrand tok over som partisekretær i 1924 at Høgre vart meir profilert som fylkesparti. Same året tok Olav Eiriksson Sæbøe (sjå denne – Høyanger kommune) frå Høyanger over som fylkesformann, og han styrte partiet fram til 1940. Fylkesmann Ingolf Christensen vart fylkespartiet sin første stortingsmann i 1922.

Eigen organisasjon for kvinnene

Mellom 1955 og 1994 hadde partiet eigen organisasjon for Høgrekvinnene i fylket. Unge Høgre starta fylkesorganisasjon i 1968. Høgre har gjennom tidene hatt fire såkalla «partiorgan» i lokalpressa i Sogn og Fjordane:

Ingvar Torsvik Myrvollen vart fylkessekretær i 2006.

Ingvar Torsvik Myrvollen vart fylkessekretær i 2006.

  • Fjordenes Tidende, Måløy
  • Fjordingen, Stryn
  • Fylkestidende, Florø
  • Sogningen, Leikanger
  • Fylkessekretærar:

    • H. Dugstad 1920 – 1923
    • K.H. Aarra 1923 - 1924
    • Richard Knoffødd 1924 – 1946
    • Jakob Søgnen 1947 – 1956
    • Ingolf Bergem 1956 – 1961
    • Torleiv Grøtte 1961 – 1968
    • Jon Juklestad 1969 – 1975
    • Kirsten Tønder 1975 – 1978
    • Solbjørg Berge 1978 – 1997
    • Finn Ove Njøsen 1997 – 2006
    • Ingvar Torsvik Myrvollen 2006 -

    Fure-lista

    Ved det første direkte valet til fylkesting i 1975 vart det ei såkalla «upolitisk» liste som kalla seg «Valliste for desentralisert utbygging i Sogn og Fjordane». Lista vart på folkemunne kalla «Fure-lista» fordi det var sentralsjukehusmotstandaren Julius Fure frå Selje som både organiserte og toppa lista. Dette er førebels den einaste lista som har vorte stilt til fylkestingsval, som ikkje har vorte stilt av politiske parti.

    Julius Fure. Foto frå valsending i NRK.

    Julius Fure. Foto frå valsending i NRK.

    Fure-lista var eit direkte resultat av den bitre sjukehusstriden som hadde rasa i fylket frå 1968 og utover 1970-talet. Ordførar og Høgre-mann Julius Fure i Selje hadde markert seg som ein sterk talsmann for bevaring av lokalsjukehusa. Ved nominasjonen i Høgre måtte Julius Fure vike plassen for den erfarne Vågsøy-politikaren Leif Iversen på sikker plass på Høgre-lista. Julius Fure fekk då organsiert «Valliste for desentralisert utbygging i Sogn og Fjordane». Lista fekk inn fem representantar på fylkestinget 1976–1979: Julius Fure, Selje, Kjellaug Igland, Bremanger, Einar Stavrum, Høyanger, Gunnvor Grov Sørdal, Vik, og Ingvald Ødegård, Bremanger.

    Lista eksisterte berre denne eine valperioden, og i den neste valbolken var Julius Fure tilbake i Høgre.

    Julius Fure vart valt som Høgre sin første fylkesordførar 1988–1991.

    Jacob Nødseth (t.v.) og Bjørn Lødemel på valvaka i 2009. Lødemel vart vald inn på Stortinget dette året. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

    Jacob Nødseth (t.v.) og Bjørn Lødemel på valvaka i 2009. Lødemel vart vald inn på Stortinget dette året. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015