Hopp til innhold
X
Innhald

Kristeleg Folkeparti (Krf) i Sogn og Fj.

Kristeleg Folkeparti vart skipa 4. september 1933 i lokala til Vestlandske Indremisjon sin bibelskule i Bergen som eit lokalt parti for Hordaland.

Partiet vart skipa fordi kristelege krinsar på Vestlandet var misnøgde med Venstre. Venstre, som desse krinsane tradisjonelt hadde sokna til, la etter deira meining for stor vekt på materielle verdiar.

- Les meir om sambandet mellom Moderate Venstre og Krf i artiklane Venstre i Sogn og Fjordane og i biografien til Jakob Liv Rosted Sverdrup.

Sogn og Fjordane Kristeleg Folkeparti vart skipa i 1936, og fylkeslaget fekk eigen kvinneorganisasjon, KrFK, i 1966. I Sogn og Fjordane stilte partiet første gong liste til Stortingsvalet i 1954 og fekk inn skuleinspektør Hans O. Ommedal frå Gloppen som fast representant.

I fylkestinget vart ordførar i Vågsøy, John Lillestøl valt til fylkesvararordførar ved det første direkte valet av fylkesting i 1975. Han hadde vervet til 1983. Alv O. Bergset (sjå Kjende personar i Stryn fødde år 1925-1950) frå Stryn sat som partiet sin fylkesvaraordførar 1985–1993.

Wilhelm Sandal var fylkessekretær i Kristeleg Folkeparti i 45 år frå 1967 til 2012.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015