Hopp til innhold
X
Innhald

Myrmennene

Sofus Arctander.

Sofus Arctander.

 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
På 1870-talet dukka det opp eit merkeleg politisk fenomen: Myrmannsvesenet. Etter norsk lov kunne berre menn som eigde jord, verte valde inn på Stortinget.

Nokre karar i Namdalen fann eit smutthol i lova: Ved å kjøpe seg «skrapejord» – t.d. myrar på billegsal, fekk dei borgarleg røysterett som «jordeigarar».

Myrmannsvesenet i Selje

I Selje kjøpte ein ung huslærar på Nordfjordeid - seinare statsråd Sofus Arctander - øydegarden Hanekamben, og saman med fem andre som han selde parsellar til, fekk Arctander røysterett i 1870! Fleire av kameratane som Arctander skaffa røysterett på denne måten, vart seinare framståande vitskapsfolk, legar og statsrådar. Ein av dei var Venstre-statsråd Carl Berner.

Også ein snipp av den nedlagde garden Blesrør mellom Måløy og Raudeberg vart kjøpt av ein overettssakførar Blom som på den måten sikra seg røysterett i 1875.

Myrmennene i Eid

«Stemmerettshaugen» på Myklebust på Nordfjordeid er eit minne etter denne «myrmanns-tida». Dei snedige myrmennene var særleg aktive kring stortingsvalet 1876, og Stortinget auka difor i 1884 verdien på det som kunne kallast «jordeigedom» til 20 kroner for å få bukt med «myrmennene».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015