Hopp til innhold
X
Innhald

Norges kommunistiske parti (NKP) i Sogn og Fjordane

Norges Kommunistiske Parti vart skipa av mindretalet som braut ut av Det Norske Arbeidarparti (sjå Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane) i 1923 etter striden kring medlemskap i Den kommunistiske internasjonalen.

Også i Sogn og Fjordane vart Arbeidarpartiet kløyvd, og eit fleirtal i fylkeslaget gjekk med NKP. Sidan fylkesstyret samstundes var styre for partiavisa «Sogn og Fjordane Socialdemokrat», som litt før hadde skifta namn til Fritt Folk og vart eit talerør for NKP fram til avisa gjekk inn i 1928. Arbeidarrørsla hadde i 1923 i alt 41 partiaviser kringom i landet, og «Fritt folk» i Høyanger var ei av i alt 11 aviser som kommunistane tok kontroll over etter kløyvinga.

Kommunistpartiet hadde størst oppslutning mellom radikale industriarbeidarar i Høyanger, men også i Årdal, Florø og Lærdal hadde partiet relativt mange sympatisørar. Den kjende kommunistføraren Peder Furubotn kom frå Brekke i Gulen.

Johan A. Skjelfjord.

Johan A. Skjelfjord.

Etter oppmoding frå Det norske Arbeidarparti sentralt vart fylkespartiet til Ap reorganisert i 1927 ved at fylkeslaga av Det norske Arbeiderparti og Norges socialdemokratiske parti slo seg saman under namnet Sogn og Fjordane Arbeidarparti. NKP heldt frå same tid fram som eige parti på fylkesplan.

NKP stilte første gong eiga liste ved Stortingsvalet i 1923 med telegrafist og redaktør Johan A. Skjelfjord som toppkandidat, men fekk berre 741 røyster. NKP stilte fylkeslister ved Stortingsvala i 1927, 1930, 1933 og 1949.

Etter EF-striden tidleg på 1970-talet gjekk leiaren Asbjørn Larsen og storparten av medlemsmassen i NKP inn i Sosialistisk Venstreparti (sjå Sosialistisk Folkeparti (SF) i Sogn og Fj.), medan dei «Moskva-tru» under Gunnar Martin Knudsen heldt fram i NKP.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015