Hopp til innhold
X
Innhald

NS – Nasjonal Samling i Sogn og Fjordane

NS stod svakt i Sogn og Fjordane

Nasjonal Samling, som under 2. verdskrig vart kjend som nazi-partiet i Noreg, vart skipa av den tidlegare Bondeparti-statsråden og forsvarsminis-teren Vidkunn Quisling i 1933, same året som Adolf Hitler vart rikskanslar i Tyskland. NS nådde høgdepunktet i 1943 med 43.000 vaksne medlemer.

NS stod svakt i Sogn og Fjordane

Totalt vart det registrert berre 396 medlemer i Nasjonal Samling i Sogn og Fjordane under krigen – d.v.s. berre 0,54 % av folketalet. I landsgjennomsnitt var 1,66 prosent av nordmennene medlemer av NS. Sogn og Fjordane var dermed eitt av dei fylka i landet der nazi-partiet stod svakast. Særleg kystkommunane hadde svært få NS-medlemer.

Av kommunane i Sogn og Fjordane hadde Vik kommune det høgste talet NS-medlemer under krigen: 43 medlemer, dernest kom Kyrkjebø (Høyanger) og Årdal med 30 kvar. Men sjølv om Vik kommune toppa lokalt, låg kommunen likevel langt under landsgjennomsnittet, med 1,32 %.

Kven vart NS-medlemer?

Medlemslister som vart kverrsette i 1945, viser at det kom påfallande mange NS-medlemer frå nokre få familiar i einskilde bygder.

Gulbrand Lunde.

Gulbrand Lunde.

Dette kan tyde på at ein eller fleire overtydde NS-folk dreiv effektiv medlemsverving i eigen familiekrins. Andre særdrag ved desse medlemslistene er at mange hadde framande familienamn og truleg var tilflytte til bygdene i fylket. Ei anna stor medlemsgruppe var unge kvinner som truleg hadde samband med tyskarane i krigsåra.

Mislukka stortingsval

I Sogn og Fjordane stilte Nasjonal Samling eiga liste ved Stortingsvalet i 1936, med ingeniør Ole E. Rømcke frå Høyanger og fiskar ........... Ødejord frå Solund på dei to første plassane. Partiet fekk berre 129 røyster i fylket (0,2 prosent av røystene), og ingen representantar på Stortinget. NS stilte aldri liste ved kommuneval i Sogn og Fjordane. I 1936 heldt seinare «propagandaminister» Gulbrand Lunde agitasjonsmøte i Høyanger.

NS-plakat frå 1943, laga av Kåre Sørum.

NS-plakat frå 1943, laga av Kåre Sørum.

Eigen fylkesførar i Høyanger

I 1940 var NS i Sogn og Fjordane underlagt fylkesorganisasjon nr. 12, leia av fylkesførar Christian Astrup i Bergen. Han var frå Våler i Solør, og fekk i oppgåve å organisere partiapparatet på Vestlandet. Sogn og Fjordane var delt i to krinsar: Firda krins for Nordfjord og Sunnfjord, og Sogn krins. I Sogn krins var det registrert 188 medlemer (0,63 % av folketalet), i Sunnfjord 90 (0,40 %) og i Nordfjord 118 (0,55 %).

Frå 1943 fekk NS eiga fylkesleiing for Sogn og Fjordane, plassert i Høyanger, med Anders Brokstad som fylkesførar.

Den forhatte Hirden til NS rekrutterte nokre av sine mest aktive medlemer mellom ungdomen i Høyanger, og uvanleg mange av desse vart frontkjemparar. Postmeister Johan Arntzen i Høyanger vart NS-ordførar i heimekommunen Kyrkjebø og seinare også NS-ordførar i fylkestinget.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015