Hopp til innhold
X
Innhald

Politiske parti og rørsler i Sogn og Fj

Representantar for dei politiske partia i Sogn og Fjordane klare til valkamp. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Representantar for dei politiske partia i Sogn og Fjordane klare til valkamp. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Under denne tittelen er det lagt inn artiklar om historia til dei politiske partia i fylket og politiske rørsler som har vore organisert i Sogn og Fjordane fram gjennom tidene. Oversynet er førebels ikkje komplett.

Eidsvollsmenn frå Nordre Bergenhus Amt

Eidsvollsmenn frå Nordre Bergenhus Amt

Den 17. mai 1814 var fem menn frå dåverande Nordre Bergenhus Amt med på å presntere den norske grunnlova.

Thrane-rørsla i indre Sogn

I Lærdal, Borgund, og delvis også i Sogndal og Luster fekk den radikale Thrane-rørsla fotfeste i nokre få år på 1840-talet.

Bondevenforeningane

Gardbrukar, lærar og stortingsmann Søren Pedersen Jaabæk (1814–1894) frå Holum i Vest-Agder stod i spissen for Bondevenrørsla som hadde ei kort blomstringstid på 1860- og 1870-talet.

Myrmennene

På 1870-talet dukka det opp eit merkeleg politisk fenomen: Myrmannsvesenet. Etter norsk lov kunne berre menn som eigde jord, verte valde inn på Stortinget. Nokre karar i Namdalen fann eit smutthol i lova: Ved å kjøpe seg «skrapejord» – t.d. myrar på billegsal, fekk dei borgarleg røysterett som «jordeigarar».

Gunvald Ludvigsen var stortingsrepresentant for Venstre frå 2005 til 2009. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Gunvald Ludvigsen var stortingsrepresentant for Venstre frå 2005 til 2009. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Venstre i Sogn og Fjordane

Venstre er det eldste politiske partiet i Noreg, og vart skipa i 1884. Venstre var heilt dominerande i Sogn og Fjordane dei første åra og gjorde reint bord ved valet i 1884.

Moderate Venstre i Sogn og Fjordane

– sjå Venstre i Sogn og Fjordane.

Frisinnede Venstre i Sogn og Fjordane

– sjå Venstre i Sogn og Fjordane.

Frisinnede Folkeparti i Sogn og Fjordane

– sjå Venstre i Sogn og Fjordane.

Samlingspartiet i Sogn og Fjordane

– sjå Venstre i Sogn og Fjordane.

Det Liberale Folkepartiet i Sogn og Fjordane

- sjå Venstre i Sogn og Fjordane.

Fylkestingsrepresentant Noralv Distad (t.v.) og stortingsrepresentant Bjørn Lødemel smiler etter gode resultat for Høgre ved valet i 2011. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Fylkestingsrepresentant Noralv Distad (t.v.) og stortingsrepresentant Bjørn Lødemel smiler etter gode resultat for Høgre ved valet i 2011. Foto: Oddleif Løset, NRK.

Høgre i Sogn og Fjordane

Partiet «Høire» vart skipa 27. august 1884 med Emil Stang som første formann. På landsplan vart partiet skipa som ein reaksjon på innføringa av parlamentarismen og utvida røysterett som Venstre kjempa for. Høgre skipa fylkeslag i Sogn og Fjordane den 5. september 1924 med Olav Sæbøe frå Høyanger som første fylkesformann frå 1924 til 1940.

Fure-lista

Ved det første direkte valet til fylkesting i 1975 fekk ei såkalla «upolitisk» liste som kalla seg «Valliste for desentralisert utbygging i Sogn og Fjordane» fem mandat.

Oddleif Fagerheim frå Dale var stortingsrepresentant for arbeidarpartiet frå 1969 til 1981. Foto: Sylvelin Fagerheim Sandvik.

Oddleif Fagerheim frå Dale var stortingsrepresentant for arbeidarpartiet frå 1969 til 1981. Foto: Sylvelin Fagerheim Sandvik.

Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane

Sogn og Fjordane Arbeidarparti vart skipa som fylkeslag den 15. august 1920, men lenge før hadde det eksistert både lokallag og regionale partilag.

Radikale Folkeparti i Sogn og Fjordane

var eit framhald av Det forenede norske arbeidersamfund, skipa 1885.

Valkrinsordning frå 1906 til 1921

Mellom 1906 og 1921 var det ei spesiell valordning til Stortinget med einmannskrinsar.

Liv Signe Navarsete vart i 2008 vald til leiar i Senterpartiet sentralt. Foto: Aleksander Andersen, Scanpix.

Liv Signe Navarsete vart i 2008 vald til leiar i Senterpartiet sentralt. Foto: Aleksander Andersen, Scanpix.

Senterpartiet i Sogn og Fjordane

I 1920 vart det vedteke at Norsk Landsmannsforbund (seinare Norges Bondelag) skipa 1896, skulle skipe eit politisk parti med namnet Bondepartiet. I 1959 skifta partiet namn til Senterpartiet.

Norges kommunististiske parti (NKP) i Sogn og Fjordane

Norges Kommunistiske Parti vart skipa av mindretalet som braut ut av Det Norske Arbeidarparti (sjå Arbeidarpartiet i Sogn og Fjordane) i 1923.

NS – Nasjonal Samling i Sogn og Fjordane

Nasjonal Samling, som under 2. verdskrig vart kjend som nazi-partiet i Noreg, vart skipa av den tidlegare Bondeparti-statsråden og forsvarsministeren Vidkunn Quisling i 1933, same året som Adolf Hitler vart rikskanslar i Tyskland.

Magne Aarøen var stortingsrepresentant for Krf frå 2001 til han døydde i 2003. Foto: NRK.

Magne Aarøen var stortingsrepresentant for Krf frå 2001 til han døydde i 2003. Foto: NRK.

Kristeleg Folkeparti (Krf) i Sogn og Fj.

Kristeleg Folkeparti vart skipa 4. september 1933 i lokala til Vestlandske Indremisjon sin bibelskule i Bergen som et lokalt parti for Hordaland.

Sosialistisk Folkeparti (SF) i Sogn og Fj.

Sosialistisk Venstreparti (SF) på landsplan vart skipa i 1961 etter striden i Arbeidarpartiet om atomvåpen på norsk jord.

Sosialistisk Venstreparti (SV) i Sogn og Fjordane

- Sjå Sosialistisk Folkeparti (SF) i Sogn og Fj.

Heidi Grande Røys vart den første frå SV i Sogn og Fjordane som vart statsråd. Foto: Stian Lysberg Solum, Scanpix.

Heidi Grande Røys vart den første frå SV i Sogn og Fjordane som vart statsråd. Foto: Stian Lysberg Solum, Scanpix.

AKP (m-l) og Raud Valallianse (RV)

Arbeidernes Kommunistparti (marxist-leninistane), forkorta til AKP (m – l), vart offisielt skipa i 1973.

Raudt

- sjå AKP (m-l) og Raud Valallianse (RV).

Framstegspartiet (Frp) i Sogn og Fjordane

«Anders Langes parti til sterk nedsettelse av skatter, avgifter og offentlige inngrep» vart skipa av Anders Lange (1904–1974) frå Asker i 1973, og var forløparen til Framstegspartiet (Frp) som vart det nye namnet frå 1977.

Kystpartiet

vart skipa i 1997 av kvalfangaren Steinar Bastesen frå Nordland.

Asbjørn Massnes har ved fleire val stilt som toppkandidat til Fylkestinget for Kystpartiet. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Asbjørn Massnes har ved fleire val stilt som toppkandidat til Fylkestinget for Kystpartiet. Foto: Vidar Gudvangen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.01.2014