Hopp til innhold
X
Innhald

Radikale Folkeparti i Sogn og Fjordane

Halvard Drægni (1869-1950) frå Skjolden. Industrigründer og politikar. Radikale Folkeparti i Sogn og Fjordane var eit framhald av Det forenede norske arbeidersamfund, skipa 1885.

Leiaren var Johan Castberg, og hadde hovudbasen i Oppland. Partiet vart først kalla «Arbeiderdemokratane», men fekk i 1921 namnet Radikale Folkeparti. Partiet samarbeidde mykje med Venstre, men var meir radikalt. Det hadde seks stortingsrepresentantanar mellom 1911 og 1919, men var ute av Stortinget i 1936.

I Sogn og Fjordane stilte fabrikkeigar Halvard Drægni frå Skjolden som toppkandidat for Arbeidardemokratane ved valet i 1915 og 1918 i Indre Sogns krins, og som førstekandidat på fylkeslista for Radikale Folkeparti ved Stortingsvalet i 1921, men fekk berre 1025 røyster og kom ikkje inn.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 09.02.2015