Hopp til innhold
X
Innhald

Sosialistisk Folkeparti (SF) i Sogn og Fj.

Magne Bøtun var ein av skiparane av fylkeslag av SF. Privat foto.

Magne Bøtun var ein av skiparane av fylkeslag av SF. Privat foto.

Sosialistisk Venstreparti (SF) på landsplan vart skipa i 1961 etter striden i Arbeidarpartiet om atomvåpen på norsk jord.

Sosialistisk Venstreparti (SF) på landsplan vart skipa i 1961 etter striden i Arbeidarpartiet om atomvåpen på norsk jord.

SF med leiaren Finn Gustavsen i spissen markerte seg med krav om norsk utmelding av NATO-alliansen. Sosialistisk Folkeparti skipa fylkeslag i Sogn og Fjordane i 1965 etter opptak frå Magne Fagerheim frå Dale i Sunnfjord og Magne Bøtun frå Leikanger.

Partiet fekk sin eigen ungdomsorganisasjon, Sosialistisk Ungdomsforbund (SUF), som på slutten av 1960-talet braut med moderpartiet og vart grunnstammen i det som vart AKP(ml) og Raud Valallianse i 1973.

Etter EF-avrøystinga i 1972 samla venstresida i norsk politikk seg først i Sosialistisk Valforbund til stortingsvalet i 1973, og i 1975 slo Sosialistisk Folkeparti, fleirtalet i Norges Kommunistiske Parti og frie sosialistar seg saman til Sosialistisk Venstreparti.

Ved det første direkte val til fylkesting i 1975 fekk SV inn to representantar: Kjellaug Bøthun frå Leikanger og Anton Langøen frå Høyanger Sogn og Fjordane SV fekk sin første stortingsrepresentant då Heidi Grande Røys frå Bremanger/Flora vart valt inn på tinget i 2001.

Norvall Nøringset og Heidi Kathrin Osland har representert SV på fylkestinget. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Norvall Nøringset og Heidi Kathrin Osland har representert SV på fylkestinget. Foto: Brit Jorunn Svanes, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.02.2015