Hopp til innhold
Julius Fure. Frå valsendingane til NRK i 1975. Foto: NRK Sogn og Fjordane.
Julius Fure. Frå valsendingane til NRK i 1975. Foto: NRK Sogn og Fjordane.
X
Innhald

Valliste for desentralisert utbygging i Sogn og Fjordane

Valliste for desentralisert utbygging i Sogn og Fjordane, oftast kalla Fure-lista, blei oppretta av sentralsjukehusmotstandaren Julius Fure i 1975. Lista stilte berre til fylkestingsval denne eine gongen, og er den einaste partipolitisk uavhengige lista som har fått plass i fylkestinget i Sogn og Fjordane.

På 1960- og 1970-talet rasa ein bitter sjukehusstrid Sogn og Fjordane. Helsedirektøren i fylket ønska, og fekk gjennomslag for, å etablere eit sentralsjukehus i Førde, og ha færre lokalsjukehus med færre funksjonar. Dette skapte motstand. Selje-ordførar Julius Fure (Høgre) var ein profilert motstandar av planane. Då han før det aller første direktevalet til fylkesting i 1975 tapte nominasjonskampen i Sogn og Fjordane Høgre mot Leif Iversen frå Vågsøy, skipa han si eiga liste: "Valliste for desentralisert utbygging i Sogn og Fjordane". Lista blei oftast kalla Fure-lista, etter skiparen og frontfiguren.

Dei fem representantane frå lista i fylkestinget var forutan Selje-ordføraren Kjellaug Igland (Bremanger), Einar Stavrum (Høyanger), Gunvor Grov Sørdal (Vik) og Ingvald Ødegård (Bremanger). 

Lista eksisterte berre fylkestingsperioden 1975–1979, men Julius Fure sat på fylkestinget heilt til 1995, då for Høgre. Han var fylkesordførar 1988–1991. Sjølv om han representerte Valliste for desentralisert utbygging i Sogn og Fjordane i 1975 var han ordførar i Selje samstundes, men då for Høgre. 

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.08.2018