Hopp til innhold
X
Innhald

Venstre i Sogn og Fjordane

Venstre er det eldste politiske partiet i Noreg, og vart skipa i 1884. Det var kampen for folkestyre mot embetsmannsstyre, utvida røysterett og kampen for parlamentarismen som førte til skipinga av partiet.

Venstre fekk fleirtal i Stortinget i 1884, og leiaren Johan Sverdrup danna regjering. Få parti har vore så plaga av indre strid og kløyvingar fram gjennom tida som partiet Venstre - også i Sogn og Fjordane. Særleg ille var det i Nordfjord i den tida fylket var delt inn i einnmanns valkrinsar frå 1906 til 1921.

 Jakob  Liv Rosted Sverdrup. Foto: M. Selmer. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Jakob Liv Rosted Sverdrup. Foto: M. Selmer. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Venstre gjorde reint bord i 1884

Venstre fekk ein sterk start i Sogn og Fjordane, der både embetsmannsskeptiske bondevenforeningar og lavkyrkjelege miljø kring haugianarane stod sterkt: Ved Stortingsvalet i 1884 tok Venstre alle dei fem mandata frå Sogn og Fjordane.

Ein av desse tingmennene var prest og folkehøgskulestyrar i Sogndal, Jakob Liv Rosted Sverdrup. Partihovdingen Johan Sverdrup var onkelen til Jakob Sverdrup, og med åra fekk Jakob stor innverknad på den politikken som den aldrande onkelen førte. Dette skapte stor strid i Venstre, og til slutt kløyving.

Første partikløyvinga og Moderate Venstre

Før Stortingsvalet i 1888 vart Venstre kløyvd i «reine Venstre» og Moderate Venstre. Moderate Venstre fekk inn 23 representantar ved Stortingsvalet i 1888.

Moderate Venstre hadde størst oppslutning på Vestlandet, særleg i den lavkyrkjelege delen av folket, og mange reknar Kristeleg Folkeparti, skipa i 1933, som framhaldet av denne «rørsla» på Vestlandet. Ved stortingsvalet i Sogn og Fjordane i 1892 hadde Moderate Venstre over 25 prosents oppslutnad i kommunane i indre Sogn med unntak av Lærdal og Årdal, sognekommunane på nordsida av fjorden vestover t.o.m. Lavik, i Bremanger, og alle kommunane i Nordfjord frå og med Davik og austover.

I Sogn og Fjordane tok Moderate Venstre tre av dei fem Stortings-plassane i 1888. Dei to andre gjekk til Høgre. Høgre og Moderate Venstre hadde alle Stortings-plassane frå Sogn og Fjordane fram til 1900, då Venstre tok tilbake alle plassane.

Ved Stortingsvalet i 1903 gjekk Moderate Venstre inn i Samlingspartiet saman med moderate Høgre-folk som ikkje lenger fann seg til rette i det sterkt konservative Høgre. Med Christian Michelsen i spissen fekk denne grupperinga i Samlingspartiet klårt fleirtal i Stortinget.

- Les meir om partikløyvinga i Venstre under Jakob Liv Rosted Sverdrup.

Frisinnede Venstre

vart skipa 1909 som ein protest m.a. mot det utbrytarane meinte var eit «radikalisert» Venstre og deira restriktive line i konsesjonspolitikken og samarbeid med Arbeidarpartiet. Frisinnede Venstre samarbeidde med Høgre i fleire regjeringar, og hadde statsministeren, Abraham Berge, i 1923. Frå midten av 1920-talet fekk Frisinnede Venstre ei friare stilling, skifta namn til Frisinnede Folkeparti i 1933, men miste oppslutning og stilte ikkje lister etter 2. verdskrig.

Ved valsamarbeidet med Høgre i 1909 fekk Frisinnede Venstre vararepresentanten frå Sunnfjord krins: Søren M. Øvrebø frå Jølster. (Mellom 1906 og 1921 var det ei spesiell valordning til Stortinget med einmannskrinsar. Sogn og Fjordane var delt inn i Nordfjord valkrins, Sunnfjord valkrins, Kinn valkrins, Indre Sogn valkrins og Ytre Sogn valkrins.) Det same skjedde i Ytre Sogn valkrins i 1915 (John J. Kjellevold, Gulen). Heilt fram til Stortingsvalet i 1927 stilte partiet samarbeidslister med Høgre i Sogn og Fjordane

Problem for Venstre i Nordfjord

Då det vart gjennomført ei ny valordning med einmannskrinsar i 1906, kom det til syne sterke spenningar mellom Venstre-folka i Nordfjord. Ved valet vart det stilt ikkje mindre enn tre Venstre-lister i Nordfjord-krinsen, i tillegg til ei liste frå Samlingspartiet. Det måtte omval til, og no vann Venstre-lista med lensmann Sigmund S. K. Aarnes (sjå Kjende personar i Stryn fødde år 1850-1875) frå Stryn mandatet.

Men usemja om toppkandidat dukka oppatt ved valet i 1909. På nytt vart det stilt to Venstre-lister: Aarnes toppa begge! Men fjorden kløyvde seg om andreplassen. Difor vart krigskomissær John Myklebust frå Nordfjordeid sett opp som nummer to på den eine lista, og klokkar Apollonius L. Rosenlund (sjå Kjende personar i Bremanger fødde før 1900) frå Davik på den andre.

I Nordfjord krins hadde Venstre også store problem med å finne ein samlande kandidat ved Stortingsvalet i 1918. Dette førte til at det vart stilt to ulike Venstre-lister. Resultatet vart at «opprørslista» fekk inn Elias Faleide frå Gloppen, med Lars P. Lefdal frå Davik som vara. Ved Stortingsvalet i 1924 kom det til nytt opprør i Nordfjord, som ikkje tok til takke berre med ein tredjeplass på fylkeslista til Venstre.

Byste av Gunnar Knudsen, laga av Anders Svor frå Hornindal.

Byste av Gunnar Knudsen, laga av Anders Svor frå Hornindal.

Statsminister på fredsferd

Tidlegare statsminister Gunnar Knudsen reiste på talarferd i Nordfjord for å roe gemyttane og mana til samling. Men nordfjordingane var uforsonlege: Dei stilte eiga liste for «Nordfjord Venstre» med krigskommissær John Myklebust frå Nordfjordeid på topp. Han hadde vore vara ved to val tidlegare, og no meinte nordfjordingane at det måtte verte denne aktive samfunnsbyggjaren sin tur å få plass på tinget.

Men Nordfjord-lista fekk berre 1578 røyster og oppnådde ikkje mandatplass. Den gjorde heller ikkje større skade for fylkeslista til Venstre, som dette året fekk 11.891 røyster og tok tre av dei fem Stortings-mandata i fylket.

Ludvig Botnen representerte Venstre på Stortinget frå 1961 til 1969.

Ludvig Botnen representerte Venstre på Stortinget frå 1961 til 1969.

EF-striden kløyver Venstre på nytt

Under EF-striden i 1972 vart Venstre på nytt delt: Nei-folket vart verande i Venstre, medan Ja-folket skipa sitt eige parti: Det Liberale Folkepartiet. I 1988 vedtok landsmøtet å leggje ned DLF, men partiet vart vekt til live att i 1992 av ei lita gruppe tidlegare DLF-folk. I Sogn og Fjordane har ikkje denne nye gruppa vore aktiv og stilt lister.

I Sogn og Fjordane fekk Det Liberale Folkepartiet inn to representantar i fylkestinget i 1976: Reidar Tveit, Førde og Leif Våge, Vågsøy.

Den populære Førde-ordføraren Reidar Tveit fekk største kommunestyregruppa for Det Liberale Folkepartiet ved kommunevalet same år. I fylkestinget var DLF siste gong representert med ordførar Otto Hoddevik frå Måløy, frå 1980 til 1983.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.08.2018