Hopp til innhold
X
Innhald

Almenning fekk Montessoriskule

Elevar og lærarar på Nordstranda skule. Årstalet er ikkje kjent.

Elevar og lærarar på Nordstranda skule. Årstalet er ikkje kjent.

Nordstranda skule i Almenning fekk skulehus i 1892-1893. Huset var kjøpt på Nordfjordeid og oppsett i Eldevik like vest for Almenning.

Då Nordstranda skule vart lagd ned som kommunal skule, skipa foreldra privatskule driven etter "Montessori"-prinsippet. Skulen tok også inn elevar frå andre krinsar i kommunen, og har kring 19 elevar. Lågt elevtal førde til at skulen vart lagd ned i 2008.

Montessoriskulen på Nordstranda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Montessoriskulen på Nordstranda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.04.2010