Hopp til innhold
X
Innhald

Amtsskulen på Apalset

Amtsskulen på Apalset heldt til i dette huset.

Amtsskulen på Apalset heldt til i dette huset.

Den første Amtsskulen i Sogn og Fjordane vart starta på Apalset i Gloppen i 1876. Dette var i ei tid med spareånd i det offentlege, og då Gullbrand Hjelmeset baud seg til å halde husrom, lys og brenneved til skulen, vart dette avgjerande for lokaliseringa. Dei andre kandidatane til plassering av amtsskulen var Eid, Stryn og Kinn.

I Sogn rekna fylkestinget med at Sogndal Folkehøgskule, som presten Jakob Liv Rosted Sverdrup hadde skipa i 1871, ville gjere same nytten som ein amtsskule.

Amtsskular som motvekt

Desse skulane skulle tene som ei motvekt mot dei radikale folkehøgskulane som då vart skipa kringom i landet (sjå Jakob Hjelmesæt sin friskule under («Skular i Gloppen»). Når Sogndal Folkehøgskule vart akseptert som ein slags amtsskule, kom dette av at presten Sverdrup dreiv skulen etter meir ”kristelege” prinsipp enn det var vanleg for andre folkehøgskular. Dei første styrarane var prestar; O. Schøtt Revers den første.

Amtsskulen pressa bort frå Gloppen

Gloppen kommune skulle yte tilskot til drifta. Elias Melvær innførte nynorsk ved skulen ved at han gav gratisundervisning i faget i fritida. Denne «Melvær-skulen» heldt 1883-1884 til i prestegarden på Vereide. Nynorskmotstandarane med den konservative ordføraren Ola J. Hestenes i spissen freista å få Melvær avsett, utan å lukkast.

Då kutta dei like godt kommunetilskotet, slik at amtsskulen vart tvinga til å flytte frå kommunen. Den flytta til Innvik 1886, og kom seinare til Nordfjordeid i 1900 (noverande Fjordane folkehøgskule).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.01.2011