Hopp til innhold
X
Innhald

Amtsskulen på kort visitt i Førde

I 1875 starta fylket dei såkalla "amtsskulane" - seinare kalla "fylkesskular". Dette var eit skuletilbod for ungdom som var ferdige med folkeskulen, og undervisninga var i såkalla ålmenfag. Amtsskulane vart tilliks med jordbruksskulane drivne med statsstøtte. Den første amtsskulen i Fjordane kom i gang på Apalset i Gloppen i 1876, medan Sogndal folkehøgskule, skipa av Jakob Liv Rosted Sverdrup i 1871, skulle tene som amtsskule for Sogn. I 1877 kom det også i gang ein amtsskule i Florø.

I ein kort periode – mellom 1886 og 1891 – heldt denne skulen til i Førde, og med Elias M. Hole som styrar. Hole var samstundes redaktør for Nordre Bergenhus Amtstidende, som vart gjeven ut i Florø, men som kom ut i Førde i den tida Hole var skulestyrar der.

I 1891 vart amtsskulen flytta tilbake til Florø, og frå 1900 var amtsskulen lokalisert til Nordfjordeid. Då ”amt” vart skifta ut med nemninga ”fylke” i 1919, var amtsskulen heitande ”fylkesskule”. Skulen på Nordfjordeid vart seinare omgjort til Fjordane folkehøgskule.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.11.2010