Hopp til innhold
X
Innhald

Barne- og ungdomsskulane i Gulen

Brekke skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Brekke skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulen i Brekke-området

Den gamle offisers- og sorenskrivargarden Lovisendal vart innreia til skule for ungane i Brekke og bygdene kring Instefjorden.

Skulen i Eivindvik

Den første faste skulen ved Eivindvik heldt til i Fonnevika.

Haveland skule vart lagd ned i 1966. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Haveland skule vart lagd ned i 1966. Foto: Ottar Starheim, NRK.

På Haveland

i Nordgulen vart det bygt skulehus i 1865. Det brann i 1878 og vart erstatta med nytt. Skulekrinsen vart lagt ned då vegen til Eivindvik kom i 1966 og elevane vart skyssa dit.

På Kjellevoll

(Dalsøyra) vart det bygt skulehus i 1866.

Byrknes skule. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Byrknes skule. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Byrknes

fekk skulehus i 1876. Nytt skulehus vart bygt i 1940, og utvida i 1968 og 1976.

Målforma i skulen

Nynorsk vart innført i skulen Brekke kommune i 1902. I 1991 var nynorsk innført i alle skulekrinsar i Gulen kommune.

Oppedal

I 1903 fekk Indre og Ytre Oppedal eige skulehus, og i 1918 leikeplass.

Skulehuset på Hisøy. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Skulehuset på Hisøy. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På Hjartås på Hisøy

vart det bygt felles skulehus for heile øya i 1910.

Dingen, Verkland og Ynnesdal

fekk skulehus i 1912.

På dette biletet ser vi skulehuset på Mjømna på knausen til venstre i biletet med Mjømna kyrkje like bak. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

På dette biletet ser vi skulehuset på Mjømna på knausen til venstre i biletet med Mjømna kyrkje like bak. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Mjømna

fekk eige skulehus i 1914.

Lyngnes/Rise

fekk skulehus i 1918.

Skulehuset på Eide. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Skulehuset på Eide. Ukjend fotograf. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

På Eide

vart det bygt skulehus i 1920.

Skulehuset på Ytre Takle

for Takle, Botnen og Indre Hjartholm vart bygd i 1922.

Skulehuset på Ytre Takle. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulehuset på Ytre Takle. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Småvågane

I 1923 vart det bygt skulehus i Småvågane for krinsen på Strendene. Det gamle skulehuset på Dalsøyra vart flytta dit. Skulen der vart lagt ned kring 1950, og borna flytta til Eivindvik skule.

Den tidlegare Bålen skule er no forsamlingshus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare Bålen skule er no forsamlingshus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dei vestlegaste bygdene

i tidlegare Brekke kommune; Breivik, Bålen og Ytre Hjartholm vart eigen skulekrins i 1925. Dei delte lærar med Ynnesdal og Wergeland krins den første tida.

Skulehuset i Fivelsdal

for grendene langs Brandangersundet vart bygt i 1925.

Tidlegare Fivelsdal skule. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Tidlegare Fivelsdal skule. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Ånneland

fekk skulehus i 1927.

I grenda Vedvik

ved Eidsfjorden var det skule til 1950.

Bremnes

fekk skulehus i 1950.

Sandøy

Sande og dei andre gardane på sørspissen av Sandøy fekk eige skulehus i 1959. Før det hadde skulen halde til i privathus.

Strid om 9-årig skule

På slutten av 1960-talet vart det mykje bygdestrid i Gulen kring skulestruktur og lokalisering av ungdomsskulen.

Skular i Gulen i 2002:

  • Brekke skule 1.-10. klasse 96 elevar (1.-9. klasse 1971-1997)
  • Byrknes skule 1.-10. klasse 84 elevar (1.-9. klasse 1973-1997)
  • Dalsøyra skule 1.-10. klasse 102 elevar (1.-9. klasse 1973-1997)
  • Eivindvik skule 1.-10. klasse 93 elevar (1.-9. klasse 1971-1997)
  • Frå ein handarbeidstime på Takle skule i 1959. Frå venstre rundt bordet Maria Krakhella, Jorunn Breivik, Åse Botnen, Oddny Ynnesdal, Helga Wergeland, Gerd Høydal, Hild Wergeland og Oddbjørg Hjartholm. Bak står lærar Ågot Refvik. Foto: H. J. Kleppe. © Fylkesarkivet.

    Frå ein handarbeidstime på Takle skule i 1959. Frå venstre rundt bordet Maria Krakhella, Jorunn Breivik, Åse Botnen, Oddny Ynnesdal, Helga Wergeland, Gerd Høydal, Hild Wergeland og Oddbjørg Hjartholm. Bak står lærar Ågot Refvik. Foto: H. J. Kleppe. © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.08.2010