Hopp til innhold
X
Innhald

Bilmekanikarskule på Hermansverk

I åra mellom 1965 og ca. 1970 vart det drive ein bilmekanikarskule på Hermansverk.

Skulen hadde starta eit par år tidlegare i Vik med Erik Hallerud som lærar før den flytta til Hermansverk. Her heldt skulen til i eit sidebygg på den gamle Hermetikkfabrikken Viking.

Skulen var først og fremst eit vaksenopplæringstilbod, og sorterte administrativt under yrkesskulen i Sogndal. Etter Hallerud, overtok Helge Midttun som lærar så lenge skulen var i drift. På folkemunne var bilmekanikarlina kalla «Akademiet».

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 06.05.2008