Hopp til innhold
X
Innhald

Bondehøgskulen i Dale

Jens Rolvsson (til høgre) saman med frå v. Emanuel Mohn, Nikka Vonen, Johanna Walumann på ein tur til Galdhøpiggen. © Fylkesarkivet.

Jens Rolvsson (til høgre) saman med frå v. Emanuel Mohn, Nikka Vonen, Johanna Walumann på ein tur til Galdhøpiggen. © Fylkesarkivet.

1871 starta den unge idealisten Jens Rolvsson frå Bergen ein folkehøgskule for «vaksne bondegutar» i Dale. Skulen vart kalla Bondehøgskulen på folkemunne. Rolvsson var delvis inspirert av skulestyrar Nikka Vonen til å starta ein slik skule i Dale.

Vonbroten

Bondehøgskulen var i drift berre i tre år, og hadde til saman 18 elevar frå dei næraste bygdene. Då Rolvsson merka at folk i bygda motarbeidde skulen hans, vart han så vonbroten at han slutta tvert og flytta tilbake til Bergen, der han vart journalist i «Bergens Tidende». Bondehøgskulen i Dale vart ikkje ført vidare.

Skipa bondevensforeining

I 1871 hadde Rolvsson også stilt seg i spissen for skiping av Holmedals Sogns Bondevenforening, som fekk over 60 medlemer.

Landmark dreiv skule

Kring 1840 dreiv også sorenskrivar og folkeopplysningsmann Nils L. Landmark ein slags «jordbruksskule» på garden sin på Tysse, der han tok inn bondegutar for å gje dei opplæring i moderne jordbruksdrift.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.10.2010