Hopp til innhold
X
Innhald

Bryggja

Det gamle skulehuset på Maurstad, i bruk til 1953.

Det gamle skulehuset på Maurstad, i bruk til 1953.

Det første skulehuset i krinsen vart bygt på Indre Nore i 1894. I 1919 fekk Maurstad ungdomslag lov til å innreie skulehuskjellaren til møtelokale. I mellomkrigstida vart skulehuset for lite, og i åra frå 1937 til 1953 måtte småskulen ut på bygda og leige skulerom i private hus.

Maurstad fekk nytt skulehus i 1953.

Alt i 1937-1938 var det på tale å slå saman Rimstad og Maurstad krins, men borna frå Rimstad vart ikkje flytta over til skulen på Maurstad før i 1963, og då etter sterke protestar frå bygda. Samstundes vart skulen i Lefdalsbygda lagd ned, og ungane vart overførde til sentralskulen på Maurstad.

I 1997 vart skulen på Maurstad ombygd. I byggeperioden vart borna flytta over til grendahuset som ligg vegg i vegg med skulen.

Maurstad skule, bygd i 1953. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Maurstad skule, bygd i 1953. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.04.2010