Hopp til innhold
X
Innhald

Dei første skulane i Fjaler

Eitt av dei mange nedlagde skulehusa i Fjaler - på Halsnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eitt av dei mange nedlagde skulehusa i Fjaler - på Halsnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den første skuleordninga (skulefundasen) vart innført i 1747. Kring Dalsfjorden som elles i landet var det soknepresten som stod ansvarleg.

Holmedal prestegjeld omfatta den gongen alle bygder kring Dalsfjorden, medrekna Gaular. Soknepresten på den tida var Christian Egede, bror til den kjende «Grønlands apostel» - Hans Egede.

Dårleg stelt til 1812

Men det var dårleg stell med skuleordninga heilt fram til 1812. Då var dansken Niels Nielsen sokneprest i Ytre Holmedal - dvs. ytre Dalsfjorden. Denne mannen var ein av dei fem Eidsvolls-mennene frå Sogn og Fjordane på riksforsamlinga i 1814. Nielsen var prest i Ytre Holmedal fram til 1921. Han utdanna på eiga hand fleire lærarar, og starta skikkelege skuleklassar.

Skule i tingstova

I 1857 vart det vedteke å byggje faste skulehus til avløysing av omgangsskulen. I Dale heldt skulen til i tingstova på Tross før skulehuset stod ferdig i 1860. I åra som fylgde, vart det skipa til saman 19 skulekrinsar i dåverande Ytre Holmedal kommune - frå 1911 Fjaler kommune (sjå: Kommunehistoria i Fjaler).

Eitt av dei mange nedlagde skulehusa i Fjaler - på Halsnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Eitt av dei mange nedlagde skulehusa i Fjaler - på Halsnes. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I Dale sokn vart det bygd skulehus i sju krinsar:

  • Hestad
  • Strand
  • Øyna
  • Dingemoen
  • Håland
  • Vassdal
  • Flekke
  • Espedal.
  • Gamle Guddal skule har hamna på museum ved Movatnet i Førde. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    Gamle Guddal skule har hamna på museum ved Movatnet i Førde. Foto: Ottar Starheim, NRK.

    I Guddal sokn vart bygt skulehus i fem krinsar:

    • Bjordal
    • Espenes
    • Guddal
    • Dingsøyr
    • Heggheim.
    • Dingemoen skule i Dale. Foto: Ottar Starheim, NRK.

      Dingemoen skule i Dale. Foto: Ottar Starheim, NRK.

      Sentrums-skulen på Dingemoen i Dale var den største, og her var skulen sju-delt. Elles var dei fleste andre to-delte.

      Lærar- og klokkargard

      Garden Vollen på Steia vart kjøpt som lærar/klokkargard i 1862. Det var her diktaren Jakob Sande voks opp. Vollen var klokkargard fram til 1948, og har seinare vorte parsellert ut til tomter m.a. for Falchs Pensjonat- og Middelskole og for Fjaler Ungdomsskole. Huset er seinare verna som Jakob Sande-minne.

      Klokkargarden på Steia i Dale. Foto: Ottar Starheim, NRK.

      Klokkargarden på Steia i Dale. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.04.2013