Hopp til innhold
X
Innhald

Dei første skulane i Gloppen

Det gamle skulehuset på Hole i Breim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Det gamle skulehuset på Hole i Breim. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulehusa

Dei fleste skulehusa for barneskulen i Gloppen og Breim vart bygde i åra 1863-1884:

Gamle Austrheim skule er no plassert på Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Gamle Austrheim skule er no plassert på Nordfjord Folkemuseum på Sandane. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1863: Austrheim og Gimmestad.

1864: Vereide, Bjørnareim og Reed.

1865: Søreide, Nesjane og Hole.

Nesjane skule på Hestenesøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Nesjane skule på Hestenesøyra. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1867: Eide, Sande, Gåsemyr, Myklebust og Skarstein.

1872: Teita.

1874: Årdal

1884: Hope.

Skulehuset på Rygg til høgre, bedehuset til venstre. Her vart skulen lagd ned i 2009. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulehuset på Rygg til høgre, bedehuset til venstre. Her vart skulen lagd ned i 2009. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Hennebygda og Lote krinsar som seinare vart lagde under Eid, fekk skulehus høvesvis i 1867 og 1883. I 1890 var Gloppen kommune delt i 15 krinsar, og i 1894 vart Breim kommune delt i sju krinsar. På grunn av avstandar og vanskelege kommunikasjonar vinterstid hadde fleire av desse krinsane to skulehus. Det var tilfelle både i Myklebustdalen, kring Breimsvatnet og på Gåsemyr/Teita. I vestre Hyen krins var det delt skuleordning mellom Eimhjellen og Røyrvik på austsida og Solheim på vestsida av vatnet slik at kvar av dei tre bygdene fekk ni veker skule årleg. For gardane langs Hyefjorden var det også særordningar.

Frå 1890 til 1937 vart fylgjande skulehus bygde (nokre av dei som erstatning for tidlegare skulehus):

Dagens Sandane skule.

Dagens Sandane skule.

1892: Rygg (ny skule i 1937) og Sandane (ny skule i 1934).

1895: Ryssdal.

1896: Reed. Dagens skulebygg på Reed vart teke i bruk i 1957.

Reed skule. Skulen vart lagd ned i 2009. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Reed skule. Skulen vart lagd ned i 2009. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1899: Gjengedal.

1903: Gåsemyr.

1904: Vereide.

1906: Austrheim.

1910: Hennebygda (no i Eid kommune).

Vestre Hyen skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Vestre Hyen skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1911: Solheim i vestre Hyen.

1915: Årdal ved Breimsvatnet og Eimhjellen i vestre Hyen.

1922: Nesjane (Hestenesøyra), Høygardane/Dale i Breim og Hole i Breim.

Tidlegare Mardal skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Mardal skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1924: Mardal.

1925: Kandal.

1926: Myklebust i Breim.

Tidlegare Bergheim skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Tidlegare Bergheim skule. Foto: Ottar Starheim, NRK.

1927: Bergheim.

1928: Sandal i Breim og Straume i Hyen.

1930: Førde ved Breimsvatnet (no i Jølster kommune).

1932: Røyrvik i vestre Hyen.

1934: Gjengedal i austre Hyen.

Lærarar i Breim samla på skuletrappa  i 1921 Framme f.v. Nils Bjørkelo, Ola Råd, Gabriel Reed, Ingebrikt Næss. Bak f.v. K. Svanheim?, Kristianne Glomnes, Karoline Skram Gåsemyr, Arne Hunskår, Kristi Myklebust, Krispinius Førde, Ingolv Bogstad. Foto: Olav Kvaale. © Fylkesarkivet.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 20.01.2011