Hopp til innhold
X
Innhald

Den første skulen i Vik

Vik var ein av dei første stadane i Noreg som fekk fastskule. Det skjedde i 1741, berre to år etter at den første lova om den norske ålmenskulen kom.

Det var den rike og mektige prost Anders Daae som for eiga rekning bygde skulehus på prestegarden like ved Hopreelva i 1741. Skulehuset var det første i Bergens Stift, og truleg det første folkeskulehuset i heile landet.

Samstundes sette Daae opp eit legat på 600 riksdalar som skulle nyttast til å kle opp ungane til fattigfolket på Vikøyri. I 1748 skildrar han ålmenta i Vik som «vitterlig udi den dybeste Vankunighed, saa at faae af dem kunde læse en Bog».

Dette første skulehuset var 21 alner langt og 10 alner breidt, og hadde plass til klasserom og lærarbustad. I det første skulehuset fekk også Sparebanken plass, og kommunestyremøta vart haldne i det vesle skulehuset ved elva. Skulehuset vart utvida med to rom i 1847 og var i bruk til 1891, då det vart rive og flytta til ein gard på Sæbø, der det tente som fjøs. Også under Leikanger prestegjeld vart det organisert skulekrinsar i 1741. M.a. galdt dette skulekrinsane Vangsnes, Feios og Fresvik.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2008