Hopp til innhold
X
Innhald

Den første skuleordninga i Sogndal

Mundal i Fjærland. Her kom den første skulen i noverande Sogndal kommune i 1741. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mundal i Fjærland. Her kom den første skulen i noverande Sogndal kommune i 1741. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ei lov om konfirmasjon i 1736 sette fart i arbeidet med å lære ålmenta i Noreg å lese og skrive, og i 1739 kom den første lova om skulestellet. Den kravde skule i kvart kyrkjesokn. På eit møte på Leikanger (skulefundas) i 1741 vart m.a. skipa skulekrins i Fjærland, som då høyrde til Leikanger prestegjeld.

Men både i Fjærland som for Sogndal kommune elles gjekk det lang tid før det vart skikk på skuleverket. Grunnen var at bygdefolket viste motvilje mot å betale den tunge skuleskatten.

Dessutan var det vanskeleg å skaffe dugande lærarar. Etter ein visitas i 1819 skriv Bjørgvin-bispen at «i Sogndal er det overcoplette Skoleholderkorps skrøbelig baade legemlig og aandelig.»

Men det fanst eit par unntak: Forutan den uvanleg aktive folkeopplysaren Niels Griis Alstrup Dahl i Eivindvik, gjorde soknepresten i Leikanger, Niels Normann mykje for å få skikk på skulestellet. I dei seks åra han var prest der frå 1816 til 1822, fekk han utdanna lærarar og sett i gang skular m.a. i Fjærland.

Framlegg om frie skulebøker i 1816

Ein mann som gjorde mykje for den norske ålmenskulen tidleg på 1800-talet, kom truleg frå Kaupanger. Han heitte nemleg Thomas Amle, og kom i 1816 med framlegg om at skuleborna skulle få fritt skulemateriell. Dette framlegget vart teke opp i Stortinget av lustringen Torgeir Halvardsson Ness (sjå denne - Luster kommune), men vart nedrøysta med berre ei røyst i overvekt. Deretter gjekk det om lag 100 år før borna fekk lovfesta rett til fritt skulemateriell.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.08.2011