Hopp til innhold
X
Innhald

Falchs Pensjonat- og Middelskole

Guteskulen på Yksnebjør

Guteskulen på Yksnebjør

I 1889 starta prestedottera i Fjaler, Willa Falch ein pensjonatskule for gutar. Modellen henta Willa frå Nikka Vonens jenteskule, der ho hadde arbeidd som lærar før ho starta for seg sjølv.
Kvart kull var på opptil 15 elevar som var mellom 10 og 13 år gamle, og elevane kom frå heile landet.

Skulen heldt dei første åra til på Yksnebjør i Dale. I 1891 tok den i bruk eige skulehus som fekk namnet «Granholt».

Ny skuleordning

Då Nikka Vonen gav seg med jenteskulen på Steia i 1908, gjekk Falchs skule over til å verte ein pensjonatskule både for gutar og jenter. Frå 1908 vart også elevane yngre: Det vert fortalt at ei jente frå Bergen berre var åtte år gamal då ho vart plassert på pensjonatskulen i Dale i 1915.

Kvinnene dominerte

Kvinnene dominerte

I 1918 tok Ragnhild Falch over som styrar, og skulen vart driven som middelskule fram til 1940. I desse åra var det kvinner som var lærarar ved pensjonatskulen: Ved sida av Ragnhild Falch var Kissy Egenæs (1877-1971) og Elsbeth Thyra Beugger (1893-1979) lærarar. Kissy var fødd som misjonærdotter på Madagaskar, og mora var frå Nitter-familien i Dale, der Egenæs-familien arva gard og slo seg ned i 1901.

Elsbeth Beugger var fødd i Sveits, hadde ætterøter frå russisk adel, og kom først til Dale som guvernante til familien Nitter i 1918. Ho vart verande i Dale all sin dag, og leigde seg eit sel på Laukelandstølen lengre inne i Dalsfjorden som ho kalla «Friedau». Seinare bygde ho i lag med andre hytta «Elraki» i Fossedalen. Skueelevane var jamnt på tur til desse hyttene.

Utbygt til middelskule

Elevane starta 11-12 år gamle på ein slags førskule, og gjekk så over til middelskuletrinnet. Frå 1930 var skulen bygt ut til fullverdig middelskule. Men skulen hadde ikkje eigen eksamensrett før i 1955, og heilt fram til 1942 måtte elevane reise til Florø for å ta munnleg eksamen.

Skulen gjekk over frå å vere middelskule til realskule i 1942, og skulenamnet vart no endra til Falchs Pensjonat- og realskole.

Elevar ved Falcha Pensjonat- og realskole i 1946.

Elevar ved Falcha Pensjonat- og realskole i 1946.

Styrarskifte

Ragnhild Falch vart i 1943 avløyst av Oddleif Fagerheim som styrar for pensjonatskulen. Han var styrar for skulen til 1969, då han vart stortingsrepresentant for Sogn og Fjordane.

Det meste av undervisninga heldt til på Granholt heilt fram til 1950. Deretter vart skulen flytta til Vevang.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.11.2011