Hopp til innhold
X
Innhald

Fastskular i Luster

Veitastrond skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Veitastrond skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tidlegare skulestyrar, stortingsmann og rådmann Kåre Øvregard har samla skulesoga for Luster. Dette er den mest omfattande framstillinga av det lokale skuleverket i nokon av kommunane i fylket. Opplysningane nedanfor er henta frå Øvregards bok. Omtalane er ordna hovudsakleg etter oppstartsår:

Nes

fekk fastskule i 1861 i leigde lokale, og eige skulebygg i 1869. Nes fekk nytt skulehus i 1914. Ungdomslaget fekk kjøpe materialane i det gamle huset og reiste av dei ungdomshuset «Vårsol» i 1930.

Elevar og lærar Sigurd Fjøsne på Flahamar skule i 1921. Foto: Samson Brathole. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elevar og lærar Sigurd Fjøsne på Flahamar skule i 1921. Foto: Samson Brathole. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Flahamar

fekk skulehus i 1864. Dette vart utvida i 1904. Frå 1934 var det ved fleire høve på tale å slå Flahamar saman med Dale krins, utan at framlegga vann fram.

Joranger

fekk skulehus i 1864 like ved den gamle kyrkja. Det var i bruk til 1914, då sentralskulen "Livdtun" på Kjørlaug vart bygd. Krinsen fekk nytt skulebygg i 2007, og Livdtun vart selt.

Dagens skule i Dale i Luster. Foto: Arild Nybø, NRK.

Dagens skule i Dale i Luster. Foto: Arild Nybø, NRK.

Fastskulen i bygda Luster

Lustra-bygda fekk ein slags fastskule i klokkargarden alt i 1741. Ny skulebygning stod ferdig i Dale i 1992. Bygget vert også nytta som samfunnshus for Dale.

Sørheim

vart skilt ut frå Dale som eigen skulekrins i 1877, og fekk eige skulehus. I 1968 vart krinsane Nes, Flahamar og Dale sentraliserte til ny skule på Dalsøyri.

Kilen skule heldt til i denne stova. Foto: Kåre Øvregard.

Kilen skule heldt til i denne stova. Foto: Kåre Øvregard.

Dalsdalen

Kilen er grenda øvst i Dalsdalen. Her er det kort veg over fjellet til Vigdal, og dei første åra vart ungane i Kilen sende over til Vigdal på skule. Frå 1910 fekk Kilen eigen skule i ei leigd kårstove. Her heldt den til til 1930, då skulen ei tid flytta over til ei leigd stove på Sage litt lengre nede i dalen. Skulen i Kilen vart lagt ned i 1955 og borna sentraliserte til Dale skule.

Skulane på austsida av Lustrafjorden

Skulen i sørsidegrendene i Luster var frå starten av delt i to roder - Feigum og Kroken, og i lang tid drive som omgangsskule.

Lang sakshandsamingstid for Solvorn-skulen

Solvorn fekk det første skulehuset på Bjørnetun i 1865, men huset var dårleg. Krav om nybygg vart difor reist alt i 1880.

Skulen i Skjolden

Bolstad krins fekk eige skulehus på Bolstad almenning - dvs. Skjolden - i 1862, og nytt skulehus i 1898.

Fjøsne hadde eigen skule nokre år på 1800-talet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fjøsne hadde eigen skule nokre år på 1800-talet. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fjøsne

vart driven som eigen skulekrins fram til 1898. Frå 1890 til den vart slegen saman med Bolstad, heldt den til i ei ørlita stove, kalla "Vetla-stova".

Mørkrid

var eigen skulekrins i leigde lokale heilt fram til 1955, då grenda vart sentralisert til Bolstad skule. Fram til då heldt skulen til i ei gamal kårstove som vart kalla "Ivarstova". Ved nokre høve var barnetalet så lite av ungane mellombels måtte gå på skule på Bolstad.

Skulen i Fortundalen

Fortun fekk det første faste skulehuset i 1867, men lange avstandar gjorde at fleire grender hadde omgangsskule til langt inn på 1900-talet.

Svensøy

- sjå Skulen i Fortundalen.

Bjørk

- sjå Skulen i Fortundalen.

Bergsdalen

- sjå Skulen i Fortundalen.

Skulane i Gaupne, barneskulen lengst til venstre, ungdomsskulen til høgre, med idrettshallen midt i biletet. Foto: Kåre Øvregard.

Skulane i Gaupne, barneskulen lengst til venstre, ungdomsskulen til høgre, med idrettshallen midt i biletet. Foto: Kåre Øvregard.

Skulen i Gaupne

Tandla i Gaupne fekk skulehus i 1863, og Røneid i 1866. Då brua over Jostedalselva kom på 1890-talet, vart Røneid skulekrins slegen saman med skulekrinsen i Bukta på nordsida av elva i 1902.

Tandla

- sjå Skulen i Gaupne.

Røneid

- sjå Skulen i Gaupne.

Privatskule på Råum

Råum aust for Gaupne var eigen omgangsskulekrins frå 1863 til 1895. Frå 1902 til 1914 dreiv foreldra på Råum privatskule for elevane. Det vart også drive eigen skule for Råum frå 1931 til 1947.

Leirdalen og Alsmo

For Leirdalen og Alsmo vart det arbeidd for eige skulebygg heilt frå 1904 utan resultat. I staden vart skulen skiftande mellom ulike leigde lokale så lenge der var eigen krins. Før det kom skulerute i 1961 måtte ungane som budde lengst frå skulen, bu borte på hybel. Krinsen vart slegen saman med Vigdal frå 1962 til 1966, då alt vart sentralisert til Gaupne.

Vigdal-skulen med eiga badstove

Vigdal fekk eige skulehus i 1926, etter at kravet hadde vore framme sidan 1913. Vigdal vart slegen saman med Alsmo krins frå 1962 ti 1966, då skulen vart sentralisert til Gaupne. Læraren i krinsen, Olav Havreberg, fekk i 1946 bygdefolket med på å byggje ei badstove ved skulen. Badstova vart restaurert i 2000.

Skulen i Jostedalen

Jostedalen var frå først av delt i eit øvre og nedre distrikt: Til nedre høyrde Myklemyr, Sperle og deler av Kreken - til øvre resten av Kreken, Krundalen, Mjølverdal og Fåberg. Kvart distrikt hadde si eiga omgangsskuleordning.

Eikjastrondi/ Eikum

var skipa som eigen skulekrins, men hadde ikkje eige skulebygg. Fram til den vart lagt ned som eigen krins i 1915, gjekk ungane derfrå på nærliggjande skular som t. d. i Solvorn eller Ugulen. Etter nedlegginga av krinsen i 1915 valde nokre foreldra å sende borna sine over fjorden til skulen i Kroken. Var det i protest mot eitt eller anna?

Livdtun skule var i bruk som skulehus til Indre Hafslo skule på Ljosvang stod klar i 2007.

Livdtun skule var i bruk som skulehus til Indre Hafslo skule på Ljosvang stod klar i 2007.

Skulane på Indre Hafslo

Joranger, Ugulen, Mollandsmarka, Fet og Kjørlaug (Livdtun).

Skulen på Ytre Hafslo

Ugulen, Kvam, Kreken krins, sentralskulen på Mo, og kombinert barne- og ungdomsskule.

Internatskular og streik kring Veitastrondsvatnet

Kring Veitastrondsvatnet vart det bygt skulehus for tre krinsar: Ein for bygdene kring sørenden av vatnet - ein for bygdene på begge sider av nordenden, og ein for «flatbygda» nord for vatnet.

Elevane frå høgdegardane Yngsdalen gjekk fram til 1956 på skule i Ospehola på austsida av Veitastrondvatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Elevane frå høgdegardane Yngsdalen gjekk fram til 1956 på skule i Ospehola på austsida av Veitastrondvatnet. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.03.2011