Fastskulen i Balestrand

Sagatun skule i Balestrand. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.
Balestrand vart skild ut som eige prestegjeld frå Leikanger i 1849, og vart samstundes eigen kommune. Etter kampvotering mellom Holmen og Tjugum, valde kommunestyret Tjugum som stad for den første fastskulen.
Kyrkjedepartementet avgjorde likevel at skulen skulle byggjast på Vellane i Holmen. Skulehuset vart teke i bruk i 1853.
Delt krins
Men krinsen heitte framleis Tjugum, og i 1882 vart krinsen delt: Elevane frå Bale og vestover fekk skulehus på Sande (omlag der Villa Lorna ligg i dag), medan born frå Esefjorden og Tjugum fekk skulehus på Grøneng i 1882.
Vetlefjorden
fekk skulehus i 1862.

Sværefjord skule. Vi manglar namna på personane på biletet. Ukjend fotograf. © Fylkesarkivet.
Sværefjorden
fekk fastskule i 1875 i eit leigd hus på Farnes, som i 1889 vart avløyst av nybygg.
Kvamsøy
Skulehuset i Kvamsøy vart teke i bruk i 1890.
Nessane
fekk skulehus i 1892.
Lånefjorden
fekk skulehus i 1892.
Sagatun skule
På slutten av 1800-talet voks Balestrand sentrum sterkt, og i 1905 vart sentralskulen på Sjøtun bygd. Skulen fekk det nasjonalt klingande namnet «Sagatun». Her gjekk born frå Hanevik til Ese og born frå austsida av Esefjorden frå 1962, då skulen på Grøneng vart lagt ned. Sagatun var fem-delt, men vart endra til fire-delt i mellomkrigstida. Det gamle skulehuset Sagatun har seinare vorte nytta som bibliotek.

Sagatun gamle skule. Foto: Magne Bale. © Fylkesarkivet.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014.
I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. Dette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til den nye eigaren.
Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane.
Sist oppdatert: 27.07.2011