Hopp til innhold
X
Innhald

Fastskulen i bygda Luster

Elevflokken ved Dale skule samla framfor skulehuset ein 17. mai på 1920-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Målfrid M. H. Vilsvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Elevflokken ved Dale skule samla framfor skulehuset ein 17. mai på 1920-talet. Ukjend fotograf. Eigar: Målfrid M. H. Vilsvik/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Bygda Luster, Dale krins, fekk ein slags fastskule i klokkargarden alt i 1741.

I 1849 vart det bygt eige to-etasjes skulehus på «Klokkartomta» i Bringebakkane. Dette vart eit kombinert bygg der også kommunestyret heldt møta sine. Men for ungar som budde langt unna skulen, var det vintertid vanskar med å kome seg fram til «sentralskulen» på Dale. Difor vart det frå 1867 skipa til ei ordning med omgangsskule for ungar som budde lengst unna. Nytt skulebygg vart reist på Fikki i i Luster i 1905.

Gamleskulen vart i mange år etter nytta m.a. til sløydskule, bokbindingskurs og sykurs for vaksne elevar.

Folkebad i Luster-skulen

Det nye skulehuset fekk eige baderom med dusj der alle i bygda kunne ta seg eit «moderne» bad. Ved skulen vart det også laga til «skulehage» der borna lærte seg å dyrke ulike vekstar.

Ny skule i 1992

Ny skulebygning stod ferdig i Dale i 1992. Bygget vert også nytta som samfunnshus for Dale.

Dagens Dale skule ser vi litt av til høgre i biletet. Framme ligg samfunnshuset i bygda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Dagens Dale skule ser vi litt av til høgre i biletet. Framme ligg samfunnshuset i bygda. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 25.03.2011