Hopp til innhold
X
Innhald

Firda Gymnas

Firda vidaregåande skule på Sandane i 2009. I midten skulebygningen frå 1922, til høgre ser vi litt av Trivselshagen, der skulen har ein del av tilboda sine. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Firda vidaregåande skule på Sandane i 2009. I midten skulebygningen frå 1922, til høgre ser vi litt av Trivselshagen, der skulen har ein del av tilboda sine. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det var dei frilynde ungdomslaga og målrørsla som fekk skipa Firda Gymnas på Sandane i 1922. Men plasseringa på Sandane skjedde ikkje utan strid med sunnfjordingane.

Firda Gymnas vart skipa i 1922 på Sandane etter initiativ frå Firda Mållag, Firda Ungdomslag, Sunnfjord Ungdomslag og Gloppen kommune.Anders A. Lothe, Ola Sande og Elias Faleide var sentrale talsmenn for gymnastanken.

Lokaliseringsstrid

Lokaliseringa på Sandane førde til misnøye i Sunnfjord, fordi dei meinte at gymnasnemnda hadde vore for «Sandane-orientert» i si samansetjing - med tre nordfjordingar og tre «utvandra» nordfjordingar blant dei tre som sat i nemnda frå Sunnfjord. Sunnfjordingane sende ein delegasjon til Oslo for å tale si sak, og nordfjordingane sende sin « mot-delegasjon». Sandane-tilhengjarane vann lokaliseringsstriden, og Firda Gymnas kom i gang som tre-årig gymnas hausten 1922 med real- og latinline, og 30 elevar. Elias Ryssdal var første styrar 1922–1927. Kaare Fostervoll, den seinare kyrkjestatsråden og kringkastingssjefen, var rektor 1927-1938.

Firda Gymnas i 1933. Foto: Lyslo.

Firda Gymnas i 1933. Foto: Lyslo.

Skulebygning frå 1924

Den kjende skulebygningen som liknar Eidsvolls-bygningen, vart bygd i 1924 (arkitekt Per Eide), m.a. med eit rentefritt byggjelån frå millionæren William Henry Singer jr. i Olden. I 1957 kom det første store tilbygget. I 2008 fekk Firda v.g. skule den nye Trivselshagen som næraste nabo. I tillegg til undervisningslokale og lokale for forsking, helse, kino og andre kulturaktivitetar, skal Trivselshagen også få eit eige idrettsbygg.

Over til landsgymnas

I 1946 vart Firda Gymnas overteke av staten og vart såkalla landsgymnas. Frå 1948 vart også realskulen «statsrealskule». Firda Gymnas på Sandane vart søkt av ungdom frå heile landet, og låg ofte på landstoppen i eksamensresultat. Gymnassamfunnet sette opp store revyar, og i mange år tevla idrettsungdom ved Firda, Eids Gymnas og Volda Gymnas mot kvarandre i den såkalla «Triangelmatchen».

Kamp for Firda-namnet

Ved omlegginga til det vidaregåande skulesystemet på 1980-talet, kjempa skulen for å halde på det vidgjetne «Firda»-namnet. No heiter difor dette skuletrinnet i Gloppen «Firda vidaregåande skule». Firda vidaregåande skule har i nyare tid vorte kjend for liner i musikk og drama, idrettsline, line i helse- og sosialfag og medieline. Den siste har i fleire år avvikla ein filmfestival, Qfilm, der unge filmskaparar kan få vurdert produkta sine. Musikklina vart oppretta i 1978 og gav m.a. grunnlaget for gruppene «To levande og ein død» - utgangspunktet for Fabel, og dessutan gruppa Hot Little Mama.

Det er sterke kontrastar i arkitekturen mellom den gamle skulebygningen frå 1924 og Trivselshagen, som er bygd tett inntil. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Det er sterke kontrastar i arkitekturen mellom den gamle skulebygningen frå 1924 og Trivselshagen, som er bygd tett inntil. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.03.2013