Hopp til innhold
X
Innhald

Førde Metallfagskule

Førde Metallfagskule til venstre, til høgre ungdomshuset Viking.

Førde Metallfagskule til venstre, til høgre ungdomshuset Viking.

Førde Metallfagskule vart grunnlagd i 1935 av maskiningeniør Jørgen Neverdahl. Skulen hadde 14 elevar første året, og vart offisielt kalla Sogn og Fjordane Metallfagskole frå 1937.

Neverdahl dreiv skulen privat, men med offentlege tilskot, og han bygde stort skulebygg ved sida av ungdomshuset Viking på sørsida av Jølstra.

Tyskarane stoppa skulen 1942-1945. Kommunen tok over drifta i 1950, og fylkeskommunen i 1952. Den skifta då namn til Fylkesyrkesskulen i Førde, og frå 1961 Førde Yrkesskule.

Ein av dei gamle yrkesskulebygningane er teken vare på i Hafstad vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein av dei gamle yrkesskulebygningane er teken vare på i Hafstad vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Skulen fekk nybygg i 1964, med utviding i 1966, og på 1970-talet 230 elevar.

Yrkesskulen vart seinare slegen saman med den fylkeskommunale husstellfagskulen og flytta i 1994 til nybygg på indre Øyrane.

Det meste av det gamle skuleanlegget på Hafstad vart rive for å gje plass til nybygget til Hafstad vidaregåande skule, men den austre fløyen av yrkesskulen er teken vare på og integrert i nybygget.

Øyrane vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Øyrane vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ved Øyrane vidaregåande skule står denne skulpturen, Kube av Britt Smelvær frå Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ved Øyrane vidaregåande skule står denne skulpturen, Kube av Britt Smelvær frå Årdal. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.12.2010