Hopp til innhold
X
Innhald

Første skulen i 1743

I 91 år var det omgangsskule i Gloppen, lærarar og elevar heldt til på gardane, som her på Byrkjelo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

I 91 år var det omgangsskule i Gloppen, lærarar og elevar heldt til på gardane, som her på Byrkjelo. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Sokneprest Gabriel Heiberg (Gloppen) fekk i stand den første skuleordninga i Gloppen i 1743. Gjennom den såkalla ”skulefundasen” fekk prestane kringom i landet i oppgåve å stelle til undervisning i lesing og skriving som ein lekk i førebuingane til konfirmasjonen. Dette var opphavet til den norske skulen. Gloppen prestegjeld fekk åtte skulekrinsar:

  • 1. Holvik, Eide, Ryssdal, Søreide og Evebø.
  • 2. Nordstranda.
  • 3. Lote, Hennebygda og Hopland.
  • 4. Hyefjorden og begge Hyedalane. Hyen vart i 1849 delt i to krinsar ved at læraren skulle undervise i den eine dalen den eine vinteren og så i den andre Hyedalen i den neste.
  • 5. Breim.
  • 6. Myklebustdalen og Eggedalen.
  • 7. Årdal og Nesstranda.
  • 8. Gimmestad sokn.
Omgangsskulen vart halden to dagar hjå kvar gardbrukar i krinsen. Dei som vart lærarar, fekk sleppe soldattenesta. Ei lov frå 1823 sette krav til fastskule i kyrkjesokna, men først i 1834 kom den første fastskulen i Gloppen kommune på Føleide, etter sterkt press frå sokneprest Jørgen Meier Heffermehl.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.01.2011