Hopp til innhold
X
Innhald

Frå kommunal yrkesskule til vidaregåande skule

Høyanger vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høyanger vidaregåande skule. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1932 vart det reist krav om at industristaden Høyanger måtte få eigen yrkesskule, og i 1933 starta Kyrkjebø 2-årige Fagskole med ei snikkarline og 11 elevar. I 1934 fekk skulen mekanikarline med 10 elevar, plassert i Vadheim. I 1936 vart lina flytta til Høyanger. I 1937 endra skulen namn til Høyanger Yrkesskole for håndverk og industri. Skulen var nedlagd i krigsåra 1940-1945, men starta opp att etter krigen og fekk line for elektrofag i 1947.

Nedleggingstrugsmål og politisk kamp

I 1949 gjekk ei fylkesnemnd inn for at yrkesskulen skulle leggjast ned, og fleirtalet i fylkestinget var samde. Vedtaket vekte harme og sterke protestar i Høyanger. Fagforeininga truga med utmelding av Arbeidarpartiet og LO. Det politiske presset retta seg mot Gerhardsen si Arbeidarparti-regjegjering som hadde mynde til å omstøyte fylkestingsvedtaket.Det enda med at kyrkjestatsråden bøygde av og gjorde om fylkestingsvedtaket om nedlegging av yrkesskulen i Høyanger. Fylkeskommunen overtok drifta i 1955.

I 1964 fekk skulen eigen bygning, og i 1967 fekk den line for kjole- og draktsaum, og i 1969 frisørline.

I 1972 vart det starta kombinerte grunnkurs for yrkesopplæring og gymnas, og skulen har sidan heitt Høyanger vidaregåande skule.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.09.2010