Hopp til innhold
X
Innhald

Gymnas og handelsskule i Førde

Mellom 1944 og 1946 vart det starta gymnas-undervisning, drive av kommunen. Gymnaset heldt til i Futegarden på Bruland.

Førde Gymnas

kom i gang i 1970. Men alt i 1959 drøfta fylkestinget skiping av eit 3-årig gymnas i Sunnfjord. I 1962 kom endeleg avgjerd, og valet fall på Florø. Krav om eige gymnas i Førde kom att i 1966 , men vart avvist. Førde kommune fremja då saman med nabokommunane søknad direkte til departementet, og fekk løyve til å etablere gymnasklassar ved Førde Realskule i 1970.

Søknaden vart m.a. støtta av SIVA, som då hadde etablert seg i vekstsenteret. Gymnaset vart integrert i Hafstad vidaregåande skule 1993. Etter år med leigde lokale, flytta Hafstad v.g. skule inn i nybygg 1999.

Førde Handelsskule

starta 1965 etter initiativ frå Førde Næringssamskipnad. Skulen vart integrert i Hafstad v.g. skule 1993 (sjå ovanfor).

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.05.2008