Hopp til innhold
X
Innhald

Gymnasundervisning i krigsåra

Gymnasundervisninga i krigsåra føregjekk i Futegarden på Bruland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Gymnasundervisninga i krigsåra føregjekk i Futegarden på Bruland. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Mellom 1944 og 1946 vart det starta gymnasundervisning i Førde, drive av kommunen. Gymnaset i Førde heldt til i Futegarden på Bruland.

Dette var eitt av fleire lokale gymnas som vart starta under krigen fordi foreldra var ottefulle for å sende ungdomen langt bort på skule.

Forutan Førde kom det i krigsåra i gang slik gymnasundervisning i Aurland, Sogndal, Balestrand, Høyanger, Dale, og Flora. Alle desse, med unntak av Sogndal, fekk kort levetid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 24.11.2010