Hopp til innhold
X
Innhald

Høgskular i Førde

Høgskulen på Vie. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Høgskulen på Vie. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sjukepleiehøgskule

I samband med opninga av Sentralsjukehuset for Sogn og Fjordane i 1979, vart det starta sjukepleiehøgskule i eit bygg like ved sjukehuset. Sjukepleiarautdanninga i Førde kom under ”paraplyen” til Høgskulen i Sogn og Fjordane som har hovudsete i Sogndal. I 2005 vart det opna felles bygg til begge høgskuleavdelingane i Førde like ved sentralsjukehuset på Vie.

Ingeniørhøgskule i Førde

I 1988 vart Ingeniørhøgskulen i Førde skipa som avdeling under Distriktshøgskulen – sidan 1994 slegen saman med andre høgskular i fylket til HSF - Høgskulen i Sogn og Fjordane. I 1999 vart det hard kamp om ingeniørhøgskulen i Førde, då leiinga ved høgskulen ynskte å leggje utdanninga ned, og i staden satse på utbygging av andre fag i Sogndal. Førde vann kampen, og ingeniørhøgskulen heldt fram, men har frå tid til anna slite med elevtilgangen. Ingeniørfaga er no samlokalisert med sjukepleiarutdanninga i fellesbygg på Vie. I 2012 vart det i samarbeid med kraftbransjen starta eit nytt studium for el-ingeniørar med mellom 20 og 30 studentar årleg.

Bedriftsøkonomisk Institutt (BI)

oppretta eitt-årig grunnstudium i Førde i 1991. BI heldt til i Concord-bygget fram til 2000, då avdelinga vart lagd ned.

Concord har husa både BI og ingeniørutdanninga. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Concord har husa både BI og ingeniørutdanninga. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 16.02.2012